Eg er ein tilhengar av å gjera dette enkelt, for husfyll har dei fleste allereie nok av. Sett heller av plassen du har til fulle ølflasker, heller enn bryggebling. Sparte kroner på utstyr er heller ikkje å forakte, sidan det reduserar prisen per liter øl. Burde vera av interesse for deg som student!
Så lenge du har eit vindu eller ei dør, går det fint å koke innandørs.
Dette treng du etter minimumsmåten, som eg sjølv har brygga etter i snart 2 år:
-stor kokekjele, type "krabbekoker" e.l. til 36L, fins på Coop Bygg mfl til kr 399.
-meskepose XXL kr 69 hjå Bryggselv.
-ei lang tresleiv, kr 100-150
-eit par gjæringskar ca 30L, kr 119 på Europris (kor av eitt dedikerast til skitten side)
-termometer ca kr 50, Europris
-hydrometer ca kr 70, Europris
-starsan, kr 139 på Bryggselv
-tom sprayflaske til utblanda starsan, kr 19 på biltema
Sum omlag kr 1000. Investeringa er tent inn att på det fyrste brygget.
Luksusoppgraderingar:
-kjølearrangement, spiralkjølar kr 1000 eller vri den til sjølv av koparrøyr frå Biltema.
Nedkjøling kan elles gjerast gratis ved å sette eit lukka og forsegla gjæringskar (med varm vørter) ned i større behaldar (feks kokekaret), som deretter stadig fyllast med rennande, kaldt vatn (feks i dusjen, skru av dusjhovudet). Pitchetemp vert då typisk nådd etter 2,5 time. Mange her inne vil nok meine det er for lang kjøletid, men ta denne hobbyen over tid - ikkje kast deg på utstyrsjaget frå dag 1. I din alder fins det betre ting å bruke pengar på enn bryggeutstyr, som vert liggande på loftet straks du finn deg dame igjen...
-Viktigare enn alt utstyr er kontroll på gjæringstempen, så skal du gå for ei luksusoppgradering hadde eg ikkje forakta eit temperaturskap/gamalt kjøleskap. Imidlertid går det også an å gjera dette gratis gjennom å brygge etter verforholda og der tilhøyrande gjengs innetemperatur. Med dette bør brygging føregå utanfor sumarperioda, med mindre det er saison du bryggar. Lager på utelukkande gjerast vinterstid, kor boder o.l. normalt held perfekt temp til dette føremålet. Denne tilnærminga fungerar fint for min del. Temperatur kan du overstyrast ved behov anten ved å ha eit vindau