Tørrhumling er trygt og bra. Absolutt det beste om du vil ha skikkelig aroma. Don`t worry, be hoppy!
Infeksjonar, ja...det har jo hendt seg, men lenge sidan sist. Ein gong fekk eg to udrikkelege øl på rad sidan eg sette nytt brygg på kaka av eit allereie infisert øl. Elles så har eg merka meg at infeksjonar skjer med dei profesjonelle òg. I farten kjem eg på at eg det siste året har drukke klart infiserte øl frå Slottskällans, Atna, Ringnes, Valdres, Små Vesen, Baatbryggeriet og Mack. Og då snakkar vi ikkje berre ein liten usmak, men seriøse saker (surt, udrikkelig). Så ein må passe på...
1028 er fine saker....Haandbryggeriet er gode eksponentar for den. Når ein bryggar ale er det jo fint å ha litt ale-karakter, eller hur? 1056 er robust og anvendeleg, men personleg synest eg den er litt kjedeleg.