Ollikainen
Norbrygg-medlem
Ingefærøl. Dette er vel noko du enten likar eller ikkje likar i heile tatt. Eg er av dei som likar det og nå er det på høg tid å prøva å laga sjølv.
Søkjer ein på nett på ingefærøloppskrifter så finn ein mykje motstridande informasjon, så det er ikkje godt å vita kva ein skal tru om mengder. Men har oppfatta det slik at når ein kokar ingefær ei stund så blir den ikkje så heit, men ein får meir av ingefærsmaken. Dersom den berre kokar nokre minutt så blir den veldig sterk. Den sterke ingefærsmaken skal visst tapa seg med lagring. Nokon som kan stadfesta / korrigera oppfattinga mi?
Ser føre meg at oppskrifta blir noko som dette:
Lys maltbase m hovudvekt på pilsnermalt
Og ca 1,047
Bitterhumle til ca 17 ibu.
500 g ingefær m koketid 30 min
150 g inger m koketid 10 min.
Gjær: us-05.
Detaljert oppskrift på ferdig brygg kan leggast ut når erfaringane haustast. Så kan dåke sjå korleis det eventuelt (ikkje) skal gjerast.
Nokon som har innspel på koketid for ingefær, mengder ingefær og eventuelt tips til kva humle som ville spelt fint på lag med ingefær? Kanskje ikkje så nøye sidan eg ser føre meg å berre ha bitterhumle?
Spent på å høyra om andre sine erfaringar og gler meg til eigen bryggedag . Fyrste gong eg prøver på ingefærøl så det skal vel noko til å treffa midt i blinken..