Ollikainen
Norbrygg-medlem
Det var dette med å få til den beste pilsen / lyse lageren du kan få til å laga.. Kanskje blir ein så sjølvkritisk til eige brygg etter kvart at ein strengt tatt ikkje er i stand til å faktisk erkjenna at du har fått det til, eller så er det eit uoppnåeleg mål. Men det er jo greit å ha noko å strekkja seg etter..
Føler eg har tatt nokre steg i rett retning for å kunna lukkast best mogeleg:
Det er nokre variablar eg skulle hatt litt meir datagrunnlag på, som dåke på gruppa her kunne ha hjulpe meg med.
Kva tid har du lukkast best med pilsen / den lyse lageren din? Bortsett frå eit utgangspunkt i "tradisjonell tysk pilsner", internasjonal lager så tenkjer eg ikkje på oppskrift, men desse variablane:
OG, pitch rate på gjærstartar, gjærtype, temperatur under gjæring eller anna du meiner kan ha vore avgjerande for resultatet.
Eg planlegg stort sett OG på ca 1.045 - 1.046 og meskar lågt for høg utgjæring. FG blir ofte rundt 1,009 - 1,010 og alkoholprosent blir rundt 4,5 - 4,7 %. Pitch rate minst 1,75 (brewers friend gjærstartarkalkulator).
Spent på å høyra kva du gjer i jakta på den beste pilsen din og om eg får inspirasjon og tips frå svara dine som kan hjelpa meg meg i jakta mi..
Føler eg har tatt nokre steg i rett retning for å kunna lukkast best mogeleg:
- Skyller berre ein gong for å ikkje få for låg sg i mesk. Malt er billig og dersom ein tek høgde for litt lågare effettivitet på mesking enn utstyret har potensiale for, er ikkje dette noko problem å ta høgde for når du planlegg ei oppskrift.
- Justerer ph i mesk etter bryggekalkulator for å få ph på omlag 5,2 - 5,3 for lyse øl. Justerer med syremalt og litt CaSO4 og CaCl2 (2/1 forhald) og treff bra på ph.
- Meskar lågt, byrjer typisk på 63 - 64 grader. Temperatursteg på 73 - 75 grader før skylling viss eg har lyst.
- Bruker fersk gjær og gjærstartar. Gjærnæring i startar og i vørter siste 15 minutt. Prøvd WLP 830 og WLP850. Syns eg har lukkast best med wlp 850. Noko eg syns eg litt vanskeleg med gjærstartar er at lagergjær kan bruka litt tid på å vakna på røraren og dersom ein føl "vanleg" praksis så har eg opplevt at gjæren avogtil har ikkje fått gjort seg ferdig før eg har stoppa magnetrøraren og gjæringsprosessen har vorte litt tja. Det er og vanskelegare å sjå aktivitet i lagergjær samanlikna med alegjær i kolben. Utgjæring har stort sett vore som venta, men tatt litt tid og flaskekarbonering tatt frykteleg lang tid, kanskje opp mot halvanna, to månadar. Eg trur iallefall at dette kan ha samanheng med litt slakk gjærstartar. Prøver å ha litt høg pitch rate på pils/lager, vel 1,7. Andre gongar når eg føler at startaren har fått gjort seg ferdig og alt ellers ser bra ut så har gjæringsforløp og flaskekarbonering gått raskare.
- Gjærar i temperaturstyrt gjæringskar. Stort sett rundt 10 grader. Kanskje eg aukar temperaturen litt på slutten av gjæringa viss eg har høve til dette.
- Flaskar med hevert. Prøver å vera forsiktig med plasking når eg byrjer å flaska for å redusera oksygeninnblanding. Tilset karbondioksid på toppen av gjæringskar under flasking for å unngå innblanding av oksygen i gjæringskar.