Du har eit meir profft bryggeoppsett enn eg har i mi allgrain-brygging. Sjølv har eg kun ein krabbekokar på 36 litar, ein meskepose og eit gjæringskar. Keeping it simple. Har lenge vurdert overgong til ekstrakt for å ytterlegare kutte ned på timane, i dag brukar eg 4 timar + kjøling, samt spare ein heil del vasking etter bryggeøkta. For ikkje å snakke om øvelsen som knyter seg til å kvitte seg med maltet. No har eg heldigvis ein bonde som tek i mot det han får, men det skal då leverast... Så om du har gode erfaringar med 15-litaren frå Bryggselv, trur eg snart eg tek steget over til ekstrakt for eindel standardbrygg.