Eg har - i ei anledning eg ikkje har lov å fortelja om her på forumet - testa om det er stor forskjell på koppar og rustfritt stål.
Test er utført slik:
-25 liter vatn er varma til 100 grader. Så er kjølar senka i vatnet (tørr kjølar) og vatnet har fått koka opp. Deretter er plate slått av og kjølevatn slått på.
-Kjølevatnet heldt 7.2 grader. Det renn med 10 liter i minuttet gjennom kjølar.
-Begge kjølarane er omlag 25 fot (7,6 meter) og dei er av dimensjon 3/8".
-Rørveggen i kopparkjølar verkar å vera tjukkare enn i den rustfrie kjølaren.
-Eg har rørt i vatnet mens kjølinga pågår for å få sirkulasjon.
Resultata:
25 grader: Kopparkjølar brukte ca 10 minutt, Den rustfrie brukte ca 11 minutt
20 grader: Kopparkjøler brukte ca 11 minutt, Den rustfrie brukte ca 12,5 minutt
Kopparkjølar er altså litt meir effektiv med dei røra eg har brukt - men det er ikkje mykje forskjell.