Eg vil anbefale spraymalt då du med denne ikkje er så avhengig av å ha fersk ekstrakt. Du kan m.a.o. lagre denne lenger enn flytande ekstrakt, ergo kan du kjøpe inn i større kvanta
Vil tru at det ikkje er store kvalitetsforskjellen frå leverandør til leverandør. Sidan eg er glad i engelske øl så ville eg vald Muntons - enkelt og greitt.
Eg er veldig glad i brygge med ekstrakt og steepe spesialmalt sidan dette forenklar brygginga. Ulempen er at du ikkje har så veldig god kontroll på utgjæring så du risikerer å få eit søtare øl enn planlagt. Litt kjedeleg om du t.d. vil ha krisp pils. Eg synes også at du ved ekstrakt manglar noko av den gode maltsmaken du vil ha frå t.d. bitter og bayer. Men om tid er ein knappheitsfaktor, så er ekstrakt supert ved at du fort sparer inn eit par timar på bryggedagen pga kortare tid til oppkok av vatn (pga mindre mengde), ved at du nesten kan halvvere tid til mesking og skylling, samt hurtigare nedkjøling med t.d. tilføring av kaldt kranvatn.