Kveiling av tynnveggede rustfrie rør 1/4"-3/8"

No har eg bygd om valseverket mitt og testa litt. Vedlagt bilde er eit 1/2" 316 røyr med 0,5mm veggtjukkelse. Total lengd er ca tolv meter og spiralen er knapt 130mm i ytterdiameter og om lag ein halv meter lang. Denne skal eg bruke til herms-coil i eit under-bygging-bryggeri.
Eg trur ikkje denne diameteren er begrensingen for denne røyrdimensjonen men med 3/8" eller 5/16" trur eg det er uproblematisk å lage spral som OP etterspurde.

Neste prosjekt er mandrel bender så eg kan lage krappe bøygar utan kolaps. Time will show.
 

Vedlegg

  • 20130128_230037.jpg
    20130128_230037.jpg
    251,6 KB · Sett: 902
  • 20130128_225804.jpg
    20130128_225804.jpg
    74,7 KB · Sett: 890
  • 20130128_225821.jpg
    20130128_225821.jpg
    68,9 KB · Sett: 906
Stilig.    Og så er det imponerande at du har fått spiralen så tett - du må ha bygd om valseverket mykje..

Eg brukar nok enno tynnare rør - røret eg brukar er 0.2 mm.  

Tek det lang tid på å rulla ein slik spiral?  
 
Det er relativt fort gjordt, men og ganske tungt. Så ei kort intens treningsøkt blir det.

Er du sikker på at det er 0,2mm? Desse er 0,02", altså 0,5mm.

Det var overraskande at det gjekk så smertefritt, utan å knekke røyret. Trur det er viktig at hjula som valsar røyret har spor som passar perfekt rundt røyret. Ellers er apparatet latterleg enkelt eigentleg. Hjula har utfresa spor til 1/2", og eg har satt av plass i bredden til ein eller to dimensjonar til om eg skulle trenge det.
 
protto skrev:
Det er relativt fort gjordt, men og ganske tungt. Så ei kort intens treningsøkt blir det.

Er du sikker på at det er 0,2mm? Desse er 0,02", altså 0,5mm.

Det var overraskande at det gjekk så smertefritt, utan å knekke røyret. Trur det er viktig at hjula som valsar røyret har spor som passar perfekt rundt røyret. Ellers er apparatet latterleg enkelt eigentleg. Hjula har utfresa spor til 1/2", og eg har satt av plass i bredden til ein eller to dimensjonar til om eg skulle trenge det.

Eg var sikker - no er eg det ikkje.   Og du har rett - dei er 0.02" - altså 0.508 mm..       Og du har nok rett i at hjula må ha spor som passar perfekt - eg forsøkte først med ein 10 mm rørbøyar for 90 graders benda og det funka ikkje - eg måtte skaffa meg 3/8" rørbøyar.      

Eg brukar ikkje valserulle når eg lagar kjølarane - berre rør i forskjellige dimensjonar som eg bøyer rundt og det er som du seier ei lita treningsøkt.   Sjølve bøyinga går greit - men det å klargjera for 90 graders benda tek si tid så ein kjølar tar ofte 30-60 minutt å laga.   Mandrel bøyar ville nok vera ein fordel men med då måtte den vera fleksibel mht. kor langt inne på røret bøyen skulle lagast og når røra som er utgangspunkt kjem i rull så er det nok ei lita utfordring.   Og eg bøyer 90 graders benda til slutt.    Eg har kundar som vil ha ein kjølar som er mellom 35 og  80 cm høg og med ein bøy som ligg 90-100 cm inne og så eit nytt bend dei siste 15-20 cm - så vil neppe ein mandrel bøyar gjera susen.  

Du valsar vel i ein eingong går eg ut frå?  
 
Hansenbrygg skrev:
Det der er helt suverent! Kunne du tatt noen detaljerte bilder av kveilejiggen din?

Er det tilsvarende denne? http://home.comcast.net/~bkerby/DIYTubingBender.pdf
Hvor fikk du fatt i hjulene?

Hjula har eg laga sjølv. Dei er først dreia ut av ein rundbolt, så maskinert lagersete og fresa ut sporet til røyret i fres med delehovud og ein 1/2" ball-nose endmill. På hjula har eg satt av plass til å frese eit eller to spor til for andre røyrdimensjonar.

Valsa er justerbar sjølvsagt, slik at diameteren på coilen kan bestemmast med å stramme ein bolt som dreg senterhjulet nermare ned mellom dei to ytterhjula. Alle hjul er dobbelt kulelagra.
 

Vedlegg

  • 20130128_223857res.JPG
    20130128_223857res.JPG
    298,2 KB · Sett: 826
  • 2012-03-06 14.02res.JPG
    2012-03-06 14.02res.JPG
    320,2 KB · Sett: 816
katla skrev:
Mandrel bøyar ville nok vera ein fordel men med då måtte den vera fleksibel mht. kor langt inne på røret bøyen skulle lagast og når røra som er utgangspunkt kjem i rull så er det nok ei lita utfordring.  Og eg bøyer 90 graders benda til slutt.    Eg har kundar som vil ha ein kjølar som er mellom 35 og  80 cm høg og med ein bøy som ligg 90-100 cm inne og så eit nytt bend dei siste 15-20 cm - så vil neppe ein mandrel bøyar gjera susen. 

Du valsar vel i ein eingong går eg ut frå? 

Valsar det i ein eingong ja. Må bruke første runden å justere inn rett bøygeradie. Etter det er det berre å kveile i veg.

Har tenkt å lage ein mandrelbøygar som tek oppimot ein meter. Utfordringa er som du seier at røyra blir levert på coil. Men med valseverket kan eg rette ut igjen denne coilen sånn nogolunde bra.

Alternativet med ein 90° langt inne er å lodde eller sveise. Om ein brukar ein 1/4" NPT albue female-female og borar ut gjengene med ein 1/2" bor kan denne treast innpå røyret og brukast som loddedel.
 
protto skrev:
Hjula har eg laga sjølv. Dei er først dreia ut av ein rundbolt, så maskinert lagersete og fresa ut sporet til røyret i fres med delehovud og ein 1/2" ball-nose endmill. På hjula har eg satt av plass til å frese eit eller to spor til for andre røyrdimensjonar.

Valsa er justerbar sjølvsagt, slik at diameteren på coilen kan bestemmast med å stramme ein bolt som dreg senterhjulet nermare ned mellom dei to ytterhjula. Alle hjul er dobbelt kulelagra.

Rekna med at konstruksjonen på di nye valse var open i eine enden og at du dermed valsa spiralen i ein eingong - ellers ville du ikkje fått spiralen så tett.  Diameter vil vel også vera avhengig av diameter på valsehjula går eg ut frå?  Ser ut som dine er 8-9 cm i diameter.      Og den fresen kunne eg godt tenkt meg.

Det er vel rett før Vangsneskjølaren AS er i full produksjon..…
 
Blir vel ingen storproduksjon trur eg. Det er først å fremst for å løyse eit "personleg" problem. Og så er det kjekt med ein utfordring. Mask og mekk er ikkje faget mitt og ein verktøymakar vil sikkert gremmast men den funkar.
 
Her er maskina som gjer jobben!  Hadde ein berre ei slik!  http://www.youtube.com/watch?v=ot0Cxmk2aa4
 
Første bilde er diverse forsøk på bøyging med ein vanleg røyrbøygar til 1/2" hydraulikkrøyr. Nokre av benda er eigentleg heilt OK. Med litt bukling i innersvingen, men ikkje alt for ille. Men det er vanskeleg med konsise resultat.

Neste bilde er samme type røyr (1/2 316 stainless med 0,5mm veggtjukkelse) bøygd 135° rundt ein 1,5" radius (samme bøygeradius som den originale røyrbøygaren), men no med ein heimelaga røyrbøygar med intern mandrel i røyret. Ingen bukling i innersvingen.

Siste bilde er av bøygaren, som ikkje er heilt ferdig endå.

No skal det lagast varmevekslar og monster dyppkjølar!
 

Vedlegg

  • 20130208_100110.jpg
    20130208_100110.jpg
    322,5 KB · Sett: 856
  • 20130208_100243.jpg
    20130208_100243.jpg
    282,3 KB · Sett: 841
  • 20130208_101031.jpg
    20130208_101031.jpg
    292,8 KB · Sett: 845
Er det stay brite med 8% sølv man skuer i bakgrunnen? fungerer det bra? har lodda en del rustfritt med harris stay clean (flytende) og harris bridgit. Er overasket over bridgit, kan bygge mye med den så lenge temperaturen ikke blir for høy.
 
nordtvedt skrev:
Er det stay brite med 8% sølv man skuer i bakgrunnen? fungerer det bra? har lodda en del rustfritt med harris stay clean (flytende) og harris bridgit. Er overasket over bridgit, kan bygge mye med den så lenge temperaturen ikke blir for høy.
Det er heilt korrekt! Det er eit kjempeprodukt til rustfritt og kopar. Brukar også stay clean flux. Har ikkje vore borti bridgit. Er det meir "normalt" røyrleggar-lodd kansje?

Stay brite blir kanske tyntflytande så er ikkje så bra til gapfylling, men veldig bra til kappilærlodding.
 
bridgit er tinn med bittelitt nikkel i. smelter ved 220 grader hvis jeg husker riktig. har brukt det for å lodde nippler på bryggekjeler med stor suksess :)
 

Vedlegg

  • IMAG0256-1.jpg
    IMAG0256-1.jpg
    117,6 KB · Sett: 752
Det ser veldig bra ut. Lodding er lett å få til, med eit minimum av utstyr i motsetning til TIG-sveising. Overraskande sterkt blir det og.
 
jupp. Det at man ikke må så høyt opp i temperatur er også en fordel. testa hardlodding (over 800 °C)på en biltema kjele og det ødela rustfriheten i den.
 
Ad. lodding:  har inntrykk av at det er litt avgrensa med loddetråd som er laga for næringsmiddelgodkjend lodding og det eg har vore borti har innehalde 56 % sølv og kosta skjorta??
 
Tinn fungerer til å lodde rustfritt med, så lenge man har et flussmiddel som er så sterkt at det fjerner oksid laget. Jeg har brukt Harris stay clean flytende flussmiddel. Kjøper du denne pakka her og har en blåselampe(propanbrenner) så har du alt du trenger for å lodde rustfritt http://www.ebay.com/itm/HARRIS-STAY-BRITE-SILVER-BEARING-SOLDER-KIT-SBSKPOP-/360589728067?pt=LH_DefaultDomain_0&hash=item53f4d29943
Lodd med 56 % sølv brukes ved hardlodding og er helt noe annet når det gjelder pris og temperaturer
 
Stay Brite har vel 6% sølv meinar eg, og er rekna som mjuklodd. Men det er ein del stivare enn vanleg loddetinn, og litt sterkare trur eg.
Som nordtvet seier er det fussmiddelet som er hemmelegheiten, saman med reingjering for å få det til å bite på rustfritt. Eg pleier å tørke av med sprit for å få vekk fett, så pusse med sandpapir, og så raskt som mogeleg få på flussmiddel før oksidbellegget får bygd seg opp igjen.

Hardolodding er litt anleis. Her må ein opp i temperatur og ein nermar seg fort temp som gjer rustfritt om til ikkje rustfritt lenger. Men fortsatt kaldare enn sveising. Forbindelsane blir sterkare. Er lite brukt i rørleggarbransjen trur eg.

Vanleg næringsmiddel loddetinn er lett å få tak i no til dags då bly ikkje er så populært lenger. Men det må brukast rette flussmiddelet.
 
Tilbake
Topp