Her er eit forslag til korleis du kan meska 20+ kg i din Speidel 50 liter eller meir enn 10 kg i din Speidel 20L. Metoden kan også brukast på 20 liter speidel for å auka kapasiteten der.
Du vil trenga:
- 1 kort maltrør
- ekstra filtersupport + evt. filter
- forlengar av midtstanga
- maltpose a la biab
Eg ville ha hatt malt i nederste maltrøret som vanleg og lagt filtersupport og filter på dette. Så montert forlengar av midtstanga og deretter setja på det korte maltrøret og ha biabposen oppi og fylla med malt for å avslutta med filtersupport og filter på toppen før du skrur ned maltrøra.
Eg trur kanskje det også er mest praktisk å ha maltet i øverste del i ein maltpose slik ein brukar til BIAB - så unngår du søl når du skal løfta bort maltet for å koma ned til maltet i nederste maltpipa.
Du må vel også ha meir vatn i speidelen for å sikra at det er nok vatn over varmeelementa.
Metoden er ikkje testa - dette er teori så langt - einaste grunnen til at det ikkje skulle kunne gå er vel kanskje at du må ha meir vatn i speidelen for å ha nok både til det som skal pumpast opp og det som alltid må vera over varmeelement og når pumpa ikkje går må det jo helt ikkje renna over kanten i Speidelen.
Kunne sikkert vore smart med ei hette på toppen og - f.eks. ein passande stor stamp i f.eks. PP.