Då var bryggedagen vel overstått. Gjekk stort sett veldig bra. Fekk noko høgt kokevolum (24 L kontra dei planlagte 21 L) og følgeleg låg BG. Korrigerte dette med 90 min koketid og ein halvkilo spraymalt, samt litt ekstra brunt sukker. Enda opp ganske nær target OG (1.096), med 1.093, og fikk 15 liter på dunk. Bittelitt mindre enn dei estimerte 17 L på dunk (15 L + 2 L svinn), men skitt au.
Kryddernivået blei ganske bra og balansert, men litt meir ingefær og ei ekstra kanelstang hadde ikkje gjort noko skade. Mengda appelsinskal var perfekt.
Ein kan sei mykje om Nottingham-gjæren, men det må være noko av det mest livskraftige eg har vore borti. Rehydrerte 2 pakkar i ei glaskrukke med "patentlokk", og holdt på å lage ei zymologisk splintbombe, då denne våkna til live vel fort!
No er stormgjæringa i gang, og det luktar julebrød/vørterkake i heile heimen!
Her er den endelege oppskrifta:
Nuclear Winter Wonderland
Jule-/vinterøl
Dato: 19.07.2014
Bryggar: Håvard Idsøe
Type: All Grain
Batch: 17,00 l
Mesketid og temperatur: 60 min @ 66 °C
Gjæring: 14 dagar @ 18-21 °C
Koketid: 90 min
Est. OG: 1,093 SG
Est. FG: 1,023 SG
Est. Alk.: 9,2 %
Bitterhet: 29,5 IBU
Farge: 48,5 EBC
Ingrediensar:
4,44 kg Pale Malt (2 Row) UK (5,9 EBC) 68,6 %
1,28 kg Pale Malt, Maris Otter (5,9 EBC) 15,4 %
0,32 kg Caramel/Crystal Malt - 60L (118,2 EBC) 4,9 %
0,32 kg Caramunich Malt (110,3 EBC) 4,9 %
0,30 kg Wheat Malt, Ger (3,9 EBC) 4,6 %
0,25 kg Special B Malt (354,6 EBC) 3,0 %
0,18 kg Munich Malt - 10L (19,7 EBC) 2,7 %
0,18 kg Munich Malt - 20L (39,4 EBC) 2,7 %
0,13 kg Amber Malt (43,3 EBC) 1,6 %
0,13 kg Biscuit Malt (45,3 EBC) 2,0 %
0,04 kg Chocolate Malt (689,5 EBC) 0,7 %
0,50 kg Extra Light Dry Extract (5,9 EBC) 6,0%
0,27 kg Brown Sugar, Dark (98,5 EBC) 3,9 %
45,00 g East Kent Goldings (EKG) [5,00 %] - Boil 60,0 min 26,7 IBUs
20,00 g East Kent Goldings (EKG) [5,00 %] - Boil 30,0 min 9,1 IBUs
30,00 g Fersk ingefær (Kok 10,0 min)
30,00 g Tørka appelsinskal, bittert (Kok 10,0 mins)
3 stk Kanelstang (Kok 10,0 min)
2 pk Nottingham Yeast (Lallemand)
Har trua på denne!