jeg legger mine silikonslanger i PBW over natta, skyller de etterpå og drar gjennom en hyssing med en tøybit i enden for å rengjøre den skikkelig innvendig
Har du kanskje laga herms av kopar og så har du kjørt Starsan gjennom dette ?? Om Starsan er effektiv på å "vaska" kopar så er det vel kanskje fordi belegg på kopar vert løyst opp av syra og då vil det jo vera det du sirkulerar og kanskje setja seg av i slangen (evt. reagera med kjemikalierestar i slangen). Her kan kanskje ein kjemikar fortelja kva som skjer av reaksjonar mellom belegg på kopar og Starsan?
Når det gjeldt silikonslange er det to hovudteknologiar: platinaherding og peroxideherding. Ved platinaherding vil det ikkje vera nokon restar av herdeprosessen i slangen. Ved peroxidherding vil det vera restar av kjemikalier igjen i slangen. For å begrensa slike restar blir peroksidherda silikonslange varmebehandla og kvaliteten på denne varmebehandlinga vil styra kor mykje restar det er igjen i slangen.
Det er det jeg har gjort ja. Jeg testet først på noen små kobberbiter for å forsikre meg om at den ikke tok skade av starsan. Den låg et døgn i starsan før jeg fjernet den og lot den tørke på benken. Veldig blank og fin, og ikke noe tegn til irr (verdigris) etter ganske lang tid, så jeg tror/håper det ikke er det som har komt inne i herms koilen.
Hva anbefaler du til første gangs rengjøring @katla når man tar i bruk slangene dine?
-Fikk (levert på døra) en bit av deg for noen uker siden.
Har tenkt og fylle den med rent vann og koke en halvtimes tid.
Dei slangane du fekk frå meg er platinaherda. Dei har ikkje kjemikalierestar frå produksjonen og blir heller ikkje varmebehandla etterpå slik peroksidslangar må. Derfor treng du strengt tatt ikkje bruka særleg energi på vask før bruk.
Det er forsåvidt ikkje store mengder kjemikalierestar i peroksidslangar av god kvalitet heller, men metoden gjer at det vil vera slike restar der. Men neppe særleg mykje. luktesansen kan vel også sei litt om ein er usikker på kvaliteten.
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler (cookies) for å tilpasse innholdet, skreddersy din opplevelse og holde deg innlogget dersom du registrerer deg.
Ved å fortsette og bruke dette nettstedet, samtykker du i bruken av informasjonskapsler.