montert pumpe til beer brew 60 hvor ofte skal man kjøre pumpen?

Eg har montert ei pumpe på en beer brew 60 med 90 grader bøy ned og en oppe for å lage sånn wirpool effekt. Det eg lurte på er når eg skal kjøre pumpen?

Skal pumpen kjøres hele tiden under mesk med varme elementet på?  og evt i slutten av koketid for å samle all skiten i midten av bryggeapperatet?

Noen som vet :)
 
Har du testet den? Vi kjøpte pumpe til BB30, regner med det er samme. Den stopper/tetter seg etter 10 sekunder, helt ubrukelig.
 
geggen skrev:
Eg har montert ei pumpe på en beer brew 60 med 90 grader bøy ned og en oppe for å lage sånn wirpool effekt. Det eg lurte på er når eg skal kjøre pumpen?

Skal pumpen kjøres hele tiden under mesk med varme elementet på?   og evt i slutten av koketid for å samle all skiten i midten av bryggeapperatet?

Noen som vet :)


Eg kjenner ikkje BB60 direkte men såvidt eg har forstått er det ein kokekjele med silbotn i der du må ta ut mesken før du kokar (og sikkert også silbotnen?)

Under mesking treng du ikkje noko whirlpooleffekt - snarare tvert om.  Under mesking er det greit at den nederste delen av mesken får vera i ro - medan du kan røra forsiktig i den øverste del av mesken.  Mesken fungerar då som ein sil og når du sirkulerar med pumpe (over mesken) så vil vørter bli klarare og klarare etter som tida går.    Nokon sirkulerar kontinuerleg (det gjer eg) og nokon sirkulerar berre delar av mesketida.  Pumping kan også erstatta at du må ausa vørter frå krane til toppen av meskekjelen.  Sirkulasjon hjelper på at mesken heldt same temperatur (rett temperatur).  Mengden med varme du må tilføra må - når mesken har den temperaturen den skal ha - tilsvara temperaturtapet du har frå meskekjelen - ikkje meir.  Derfor er det lurt å ha kontroll på temperaturen der du pumper frå (som då vanlegvis er nederst i kjelen der varmeelementa fins). 

Whirlpool  er noko du kan bruka når du har fjerna mesken og koking er ferdig - dvs. under kjøling og evt. etter kjøling.  Whirlpool betyr at vørter sirkulerar i kokekaret.  Det fører til at bunnfall vil samla seg betre i midten.  Whirlpool kan også brukast samans med kjølar så slepp du røra under kjøling.  Røring eller whirlpooling under kjøling gjer at kjølinga er mykje meir effektiv.  Så for å få til whirlpool når du pumpar må slange og eventuelle bend eller rør gå ned i kjelen under nivået på vørter og vørter må skytast ut horisontalt langs kjelekanten for at det skal begynna å snurra rundt i kjelen.

Dei fleste gode pumper som bryggjarar bruker går ikkje tett - med mindre silbotnen har for store hol.  Og om du pumpar når du skal kjøla så ville eg kanskje ikkje ha brukt humleblomst (utan forfilter foran pumpa)  - pellets går heilt fint.
 
Pga det  filteret til dei nye pumpene til ølbrygging kan det vere lurt og sirkulere manuelt eit par liter før en kobblar til pumpa. Har fungert utmerka hos meg.
Om en skal kjøyre pumpa heile tida under mesking eller ikkje er opp til ka du vil. Eg har kun gjort det ein gong på den gamle BB30. No på BB60 brukar eg kun pumpa på utmesksteget 75-78 grader. Då får pumpa surre og gå en vel 30-45 minutt som er meir en rikelig for meg å få ein krystall klar vørter.
 
Tilbake
Topp