Har akkurat kjøpt meg eit slikt sett frå Vinsenteret. Fyrsteinntrykket av produktet er at det virkar skjørt. Dispenseren er av plast, og fatene er tynne og ser sårbare ut for bulkar. Etter å ha lest denne tråden fryktar eg at eg har gjort eit dårleg kjøp. Min plan er å ettergjære på fata for å sleppe flaskevask. Men om AudunW sin erfaring ikkje var eit eingongstilfelle, ender eg vel opp med dau øl, og det har eg verkeleg ikkje lyst på. Ifølge bruksanvisinga skal ein bruke 2 til 3 gram sukker per liter til ettergjæring. Dette høyres særs lite ut, og det virkar naturleg at resultatet blir som ølet til AudunW. "Never use more sugar than recommended". Er det nokon som har erfaring med å ettergjære med 4-5 gram sukker? Er det ein sikkerhetsbuffer frå selskapets side, eller blir det ballong/bombe? Reknar med at CO2-patrona ikkje gjer anna enn å transportere, og derfor ikkje har karboniserande effekt i det heile. Må skaffe meg eit Cornelius-fat skjønner eg.