PID - Erfaringar - Styring frå PC

katla

 
Er de nokon som har erfaringar med å styra PID frå PC?

Eg har kjøpt PIDar frå Auberins  (vanlege - ikkje RAMP) og eg ser det er litt plunder med å leggja inn parametrar i dei.  Med 4 knappar å trykkja på er det ikkje anna å venta.  Skulle ein bruka dei berre for ein temperatur - er det kanskje ikkje så gale - då hugsar dei vel det dei er innstilt til - men skal ein først varma vatn til 75 grader og så sirkulera mesk på 66-67 grader - eller kanskje ha fleire steg i meskinga og deretter kjøra koking manuelt - så blir det mykje trykkjing på særs små tastar.

Eg har komme over nokre andre PID-ar på www.omega.com som har RS-232 og RS-485 mulighetar og dei leverer også OLE/ActiveX kontrollar som kan brukast for å kommunisera med dei.    Programmeraren i meg våknar når eg kan laga ti styring som er litt meir menneskevennleg enn det interfacet som Auberins tilbyr meg. 

Er det nokon her som har erfaring med desse PID-ane?     
 
Viss PID'en har mulighet for kommunikasjon mot PC pleier gjerne produsenten å skrive det på skrytearket, så sjansene er små om du ikke har sett noe i spesifikasjonene.
Nå har jeg ikke brukt akkurat disse regulatorene, men det å skifte settpunkt pleier å være ganske enkelt; ikke så mange tastetrykk for å ordne det.

Forøvrig, når man først skal bruke PC:
Kjør ett enkelt IO-kort, og legg selve PID'en i softwaren på PC'en.
 
Ingen erfaring med det men har tenkt på det. Temaet har så vidt vore nemt i denne tråden:

http://norbrygg.no/forum/index.php/topic,5921.0.html
 
Dersom du kan (evt vil lære) litt elektronikk, kan du programmere ein Arduino som PID, og enkelt styre via PC. Ulempa er at det ikkje berre er å koble PT100 direkte til kontrolleren, du må ha litt elektronikk mellom proben og kontrolleren. Ei anna ulempe er at den ikkje autotuner, du må stille inn parametra sjølv. Du kan enten prøve og feile, eller gå litt meir systematisk til verks, men det må altså gjerast manuelt.

Men det er kjekt å lage ting sjølv, og med ein arduino er det berre fantasien som begrenser deg.
 
Har sett på Arduino og konstatert at det kanskje er eit lengre lærret å bleikja enn å styra PID via RS-232 eller RS-485 eller tcp/ip. Og så vil PID også virka utan PC..  Og den har ein god del innebygt som eg slepp putla med i programvara. 

Eg vil helst begrensa meg til:  setja temperatur (slik at PID slår av/på varmelementet), styra varighet (eller få PID til å gjera det),  slå av/på pumpe (og varighet) og til slutt - setja %nivå på kokelementet… (og så ballar det sikkert på seg med litt logging av temperatur over tid m.m.)
 
Eg søkte litt rundt og kikka litt på sida til denne produsenten: http://www.rkcinst.com/English/ Går ut i frå at det er den originale produsenten av ein del av pidane ein får kjøpt frå Kina. Den eg har står det RKC på, men eg tvilar igrunn litt på at det er originalvare sjølv om den ser ganske lik ut.

Anyway, det er ein god del av PID'ane her som finns med 485 port, og det ligg eit enkelt programm der som kan lastast ned gratis. Dette kan gjere basic stuff som å overvåke opp til 31 einheitar i multidropp med SV og PV, endre SV, logge over tid, eksportere til exel osv. Forskjellige programm til forskjellige instrumentseriar.

Med litt kreativ søking på ebay kan ein finne PID frå RKC med både 485 port, SSRutgang autotuning og det ein vil ha. Eg tok sjangsen og slo til på eit par brukte. Om dei er brukande eller ikkje vil visa seg. Prisen var absolutt overkommeleg.

EDIT: Er du programmerar så er protokollen beskreve i ein av pdf'ane der. Alle instruksjonane er lista opp og det er detaljforklart alt sammen.
 
protto skrev:
Eg søkte litt rundt og kikka litt på sida til denne produsenten: http://www.rkcinst.com/English/ …

Med litt kreativ søking på ebay kan ein finne PID frå RKC med både 485 port, SSRutgang autotuning og det ein vil ha. Eg tok sjangsen og slo til på eit par brukte. Om dei er brukande eller ikkje vil visa seg. Prisen var absolutt overkommeleg.

Takk for tips - skal sjekka om eg finn ein kontrollar som har det eg treng og som er til sals på ebay (og eg skjønar kva den har og eg treng..) 

Etter meir eg les om PID - etter meir skjønar eg at eg dette er apparatur som krev ein god del kunnskap om både prosesskontroll og elektronikk .    Dei fleste leverandørar (også RKC) har eit vell av modellar og det er ikkje alltid innlysande kva ein skal velja.  Og når den nye bling-blanke Burco-vasskokaren med 3KW element i botnen akkurat er komt inn døra - så har ein veldig lyst å koma igong med å bryggja- men ein ser jo at dei som har kjøpt BB30 kanskje kan ha erfaringar med sitt varmelement som gjer at ein med eit element som er 20% kraftigare kanskje må finna ein måte å tøyla det på før ein bryggjer..   

Eg får forsøkja å sjekka forum for å sjå om det er nokon som har skrive litt forklarande rundt det med PID, RAMP/SOAK m.m - evt. får eg finna lesestoff om emnet.  Og om det er tips om gode bøker om emnet set eg pris på det.
 
På homebrewtalk.com er det mange trådar om PID. Både frå auber og ebay. Der er som du seier eit hav av modellar og ikkje alle er egna for vårt føremål. Det vi treng er ein som er dedikert temperaturkontroll med aktiv varme og naturleg kjøling av prosessen. Det finns ein del modellar som har PID-regulering av begge sider, altså varming og kjøling.

Det eg har funne som viktigaste kriteriar (for meg):
-PID for oppvarming (reverse operation), mange kan omprogrammerast til kjøling (Direct action/forward operation)
-Autotuning, klassiske metodar for justering ala ZN er tidkrevande/umogeleg pga lang oscillasjonstid i systemet.
-Self tuning. Med denne aktivert finjusterar uniten parametera under drift om forutsetningane skulle endre seg undervegs.
-Mogelegheit for å bruke PT-100 sensor då termokoplarar kan vere litt unøyaktige og tricky å ha med å gjere.
-SSR-utgang. Då kan tidskonstanten settast lågt, og utgangen kan jobbe raskt av og på.

Etter dette kjem kjekt å ha ting som serieinterface, manuell kontroll mm.

Den eg brukar i bryggeriet er ein CD101 (revers engeneered RKC) frå ebay og den har alt dette untatt serieport og manuell kontroll. Kosta under 40 dollar på ebay, og etter litt hacking programmerte eg den om frå k-type til PT-100 til tross for at manualen/selgar sa at det ikkje gjekk.
Denne fungerar veldig bra, spesielt etter at eg bytta til PT-100, og eg anbefarar den til alle som skal ha PID. Det er mykje reguleringsteknikk for pengane, og autotuningfunksjonen er gull verd.
Problemet med desse er at bruksanvisninga er jalla. Heldigvis er det hjelp å få av google ;)

Bestilt denne i går: http://www.ebay.com/itm/260756133540?ssPageName=STRK:MEWAX:IT&_trksid=p3984.m1423.l2649 Håpar den har alt pluss serieport, det ser iallefall ut som den er original. Det er mykje som kan endrast i programmet på desse, og finn ein berre varianten med releutgang trur eg den enkalt kan byggast om til å gi spenning ut til SSR.
 
protto skrev:
Bestilt denne i går: http://www.ebay.com/itm/260756133540?ssPageName=STRK:MEWAX:IT&_trksid=p3984.m1423.l2649 Håpar den har alt pluss serieport, det ser iallefall ut som den er original. Det er mykje som kan endrast i programmet på desse, og finn ein berre varianten med releutgang trur eg den enkalt kan byggast om til å gi spenning ut til SSR.

@protto: Jeg regner med du har mottatt PIDen som er linket til over. Har du koplet dette opp? Funker det? Bruker du WinUCI_A fra RKC, eller har du funnet et bedre program?
 
Ragnar_M skrev:
protto skrev:
Bestilt denne i går: http://www.ebay.com/itm/260756133540?ssPageName=STRK:MEWAX:IT&_trksid=p3984.m1423.l2649 Håpar den har alt pluss serieport, det ser iallefall ut som den er original. Det er mykje som kan endrast i programmet på desse, og finn ein berre varianten med releutgang trur eg den enkalt kan byggast om til å gi spenning ut til SSR.

@protto: Jeg regner med du har mottatt PIDen som er linket til over. Har du koplet dette opp? Funker det? Bruker du WinUCI_A fra RKC, eller har du funnet et bedre program?

PID'en var desverre dead on arrival. Fekk tilbake utgiftene utan problem. Har ikkje sett meg om etter erstatning, men har eit par originale fra RKC, men dei er utan serieport.
 
Tilbake
Topp