ØlBelge skrev:
Vurderer å oppgradere med en pumpe, hva er mest praktisk, inline eller center inlet?
Strengt tatt så er begge alternativ like "praktiske" - men dei pumper som har alternative modellar der ein kan velja mellom innløp i senter eller innløp på sida - så vil dei som har innløp i senter vera kraftigare. Pumpene med senter innløp (vi snakkar då om March og Chugger) har 3/4" innløp og 1/2" utløp - medan dei modellane som ikkje har senter innløp har 1/2" både inn- og utløp. Det er vel truleg ein grunn til at dei har 3/4" innløp og dei pumpar stort sett ein del meir. March 815 PL pumpar 22.7 liter/min medan 815 PL C (for senter) pumpar 30 liter.
Eg vil for min del tru at heile vegen fram til pumpeinnløpet også må vera 3/4" for å få nytte av dette og dei fleste som bryggjer heldt seg i 1/2" på både slangar og anna og då vil eg tru at ein ikkje har noko særskild glede av senter innløp. (men om det er nokon som har testa begge modellane med 1/2" i begge endar så er dette interessant å få kunnskap om). Mange struper også innløpssida ved å bruka delar (f.eks. hurtigkoblingar) som ikkje har stor nok innvendig diameter - så her er det også ein del å henta om ein vil ha mest mogleg volum gjennom pumpa raskast mogleg.
Ellers så er det som Runar Stock seier adskilleg mindre problem med luft i pumpene om ein f.eks. monterar pumpe utan slange på innløp. Eller ein kan ha utluftingsopplegg på innløpsslangen.
--
Det du skal tenkja på når du velger pumpe er kva du skal bruka den til.
Enkel å reingjera? Med eller utan verktøy? 10 sekund eller 10 minutt?
Kor god er pumpa til å tola partiklar i vørteren?
Kor mykje kraft du treng. For vanleg mesking treng du ikkje særleg kraftig pumpe. For HERMS og kanskje også platekjølar/motstraumskjølar treng du kraftigare pumpe.
Er du opptatt av støy? Det er stor variasjon kor mykje lyd pumpene gjev frå seg. Du finn alt frå lydlause til dei som du truleg ikkje vil sitja ved siden av i ein times tid utan hørselvern.
At pumpehus og impellar er laga av delar som du synes er greit har kontakt med vørteren din.
Dei fleste "bryggjepumpene" er basert på magnetisk overføring - dvs. at impeller ikkje har noko direkte forbindelse til "motor" men blir driven rundt av magnetisme.
Har den vanleg nettspenning eller må du ha noko for å forsyna den med straum?