Hei,
I morgon er det 4 veker sidan eg sette eit spann med sjølvpressa eplejus til gjæring på loftet. Planen var å pasteurisere og bruke Nottingham, men eg fann ikkje gjæren eg hadde kjøpt og før eg visste ordet av det var putringa i gang. Eg har sjekka temperatur og aktivitet jamnleg og ser no at aktiviteten ser ut til å ha ebba ut. I dag var også lågaste temperatur registrert (9°C)...
Mengd: 3 liter
OG: 1054.
Gravity i dag: 1020
Temperatur: stort sett mellom 10-12°, men har variert mellom 15° og 9° (truleg vore kaldare på natta)
Eg var overraska når eg opna for han har ikkje klarna det spor. Hadde kanskje sett for meg at han skulle vere klar, med eit grumslag i botn...?
Bør eg no la det stå lenger, stikke om eller flytte til høgare temperatur? (Har eit rom som held omlag 17°)
Viss han står lenger, kan han då bli dårleg eller er det berre bra? Kva er fordelen med omstikking? Kan det ha blit danna farlege stoff i cideren sidan han er spontangjæra av sjølvpressa ubehandla jus?