Tarjei77
Norbrygg-medlem
Har ein bb60 fyrste generasjon som har tent meg vel ei stund, men no har det eine 1500w-elementet røke. Det betyr at eg ikkje får kok på greiene lenger. Maskina kan framleis fint brukast som eit glimrande meskekar med moglegheit for oppvarming. Silbotnen er veldig god, og eg har meska store maltmengder med godt utbyte. Som meskekar i eit fleirkarssystem er han god, og med evt dyppelement får du kok i han og. Sjølv bryggjer eg berre små ladningar for tida. Om nokon har lyst til å gje meg eit skambod på denne, slepp eg å stresse med å hive han. Kan hentast i Os.