Har nylig tappet en american IPA på flaske. Åpnet en nå for nysjerrighetens skyld og ser da at ølet er veldig uklart! Nesten orange ugjennomsiktig. Hva skyldes dette? For høy mesketemp? Dårlig filtrert?
Det kan vera fleire grunnar: dårleg (treg) kjøling etter koking, at du har fått mykje grums med over i gjæringskar. Men sist men ikkje minst så trengs det tid: la ølet stå kaldt ei tid så skal du sjå at det blir betre. Mi erfaring er at jo lenger det står - jo klarare er det.
Og når du har kokt og kjølt ølet så lar du det stå i ro i ein times tid eller meir FØR du begynner å tappa det over til gjæringsbøtta. Og etter gjæring før du flaskar (eller kva du no gjer) lar du gjæringsfatet stå roleg og kaldt eit par dagar før du tappar av det.
Når ein startar å bryggja er dei fleste litt utålmodige og vil gjerne smaka og følgja med og venner og bekjente får ei flaske for å smaka vidunderet. La nokre flasker stå att og så sjekkar du korleis det er etter 3 månader, eit halvt år og kanskje enno lenger - litt avhengig av kva øl du har laga.
Når det gjeld antall liter planlagt og verkeleg så skal du ikkje leggja så mykje vekt på det om du spør meg. Om du har hatt god utbytte av mesking så vil du kanskje ha fått eit øl som har høgare OG (altså mengde sukker i vørter etter koking) og det vil kunna gje eit sterkare øl (om du har meska rett). Det kan vera lurt å måla OG etter at ølet er kjølt til 20 grader så har du litt peikepinn på kvar du er. Ekstremt viktig er det ikkje - godt øl blir det ofte likevel. Om OG er for høg eller du vil laga eit lettare øl kan du også ha på kokt og kjølt vatn for tynna ut vørteren.
Takk for svar! Fikk kjølt ganske hurtig ned, men fikk nok for mye grums over i gjæringsdunken ja :/ leste at feil temp ved mesking kan gi uklart øl. Er dette pga dannelsen av dextriner? Skal brygge nå igjen til uka og denne gangen har jeg kjøpt sil, så håper på bedre klarhet i ølet denne gangen
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler (cookies) for å tilpasse innholdet, skreddersy din opplevelse og holde deg innlogget dersom du registrerer deg.
Ved å fortsette og bruke dette nettstedet, samtykker du i bruken av informasjonskapsler.