Birger Storaas
Dommer
Vestbryggs Sumarølkonkurranse
Vestbrygg ønskjer å bidra til eit aktivt bryggemiljø i Bergen og på vestlandet, og etter stor suksess med førre konkurranse ønskje me deg velkommen til ei ny tevling. Denne gongen ønskjer me å fokusere på sumarøl. Sjølv om eit kvart øl kan nytast i sola, legg me nokre føringar for kva øl som kan leverast inn. Og ikkje minst er det så mange dyktige bryggarar i omegn som klare nokre utfordringar.
Ølet skal ha ein OG på maks 1050, samt ha ein maks EBC på 25. Alkoholprosenten må ikkje overskride 5%. IBU er valfri, samt val av ingrediensar.
Alle bidrag må leverast i butikken innan laurdag 2. juni. Flaskene må vere vanlege brune 0,33 L flasker, og leverast i 3 eksemplar. Flaskene skal ikkje vere merka, men ha ein lapp festa med teip/strikk på den eine flaska der det står:
-namn på bryggar samt mailadresse
-namn på ølet
-ingrediensliste; malttype i %, humle, gjær m.m
-mesketempratur, OG/FG, dato for brygging
Vinnaren vert premiert med eit gåvekort i butikken på 1000,-
2.og 3 plass vert premierte med gåvekort på 300,-
Vert det mange bidrag, og økonomien strekk til, skal me klare å hoste opp ytterlegare premiar nedover resultatlista.
Dersom det vert mange bidrag vil me måtte dele bidraga opp i kategoriar, for så å ha ein finale for å kåre ein vinnar. Deltakarane vil som før få utdelt eit dommerskjema i etterkant av konkurransen. Dersom det lar seg gjere prøve me å få til ei tilstelling, Vestbryggs sumarøltreff, i etterkant av dømminga og med annonsering av vinnar. Kanskje får me til ein liten PF også, som ei lita oppvarming til Bjorleik.
mvh
Birger Storaas
Vestbrygg