Søkeresultater

  1. E

    Kinn treng ny bryggjar

    Kinn Bryggeri treng ny å tilsetje ein ny bryggjar snarleg. Formell utdanning og erfaring frå bryggeri er ein fordel, men entusiastiske heimebryggjarar vil òg bli vurderte. Ta kontakt med Espen Lothe på el@kinn.no eller 47339047.
  2. E

    Varmekolbe, watt/cm2

    For ganske lenge sidan hugsar eg at nokon diskuterte kor mange watt/cm2 ein elektrisk varmekolbe bør ha for å ikkje svi vørteren under koking. Har nokon peiling på det?
  3. E

    White oil

    Kjøpte nettopp white oil sprayflaske av Petit, men korleis skal eg bruke det? Berre spraye på nippelen på Corneliusfatet? Er det risiko for å få dårlegare skum? Nokon med gode forslag og/eller erfaring?
  4. E

    Pellets kontra blomst

    Har i mange år berekna bitterheita på brygg utifrå at pellets gir 25% meir bitterstoff enn blomst, men kor riktig er det? Hadde vore artig å høyrt andre sine meiningar om dette. Koketida kan vel ha litt å seie?
  5. E

    FG på belgiske sterkøl

    Sat og las litt på øltypedefinisjonane, og merka meg at dei belgiske sterkøla er sett opp med ganske høg FG. Både, dubbel, tripel, kvadruppel, og lys sterk belgisk ale. T.d. har tripel 1016-1024 og lys sterk 1012-1024. Dette må vel vere feil? Har ikkje Duvel ein FG på rundt 1008 og Westmalle...
  6. E

    Kaffemalt

    Petit Agentur har kaffemalt frå Castle og eg har brukt den litt på mørke ale med godt resultat. Den har 500 EBC. Er dette tilsvarande som Pale Chocolate malt som har EBC 400-500?
  7. E

    ProMash eller BeerSmith?

    Kanskje dette har vore diskutert før, men eg lurer: Kva er beste programmet? ProMash er vel det mest brukte, men er det litt gammaldags? Er det andre bra? Tenkte å gå over frå notatboka til pcen...subjektive meiningar mottas med takk!
  8. E

    Beergun og holdbarheit

    Vurderer å kjøpe mottrykksfyllar og Beergun virkar som eit opplagt val. Men kor lang haldbarheit får øl som blir tappa med beergun før det blir teikn på oksidasjon? Men min jalla-metode med flexi-tap er det berre eit par veker.
  9. E

    Wyeast 2278 Czech Pils vs. Wyeast 2001 Urquell Lager

    Er det nokon som har prøvd begge typane? Er det merkbar skilnad?
  10. E

    Nekolai Pøbb og kafe brann ned

    Bryggeripuben Nekolai Pøbb og Kafe i Selva i sør-Trøndelag brann nyleg ned. Veldig trist for dei som dreiv den og for lokalsamfunnet. Fekk aldri smakt ølet der, men eg har smakt øla til Lars Selven, som var bryggaren, og dei heldt mål og vel så det...
  11. E

    Brød og knekkebrød oppskrifter med mask

    Viss du bakar brød så kan du bruke ca 20% mask i brøddeiga, blir veldig saftige og velsmakande grovbrød. Svigerfar min er glupsk etter mask. Men dette blir nok diverre berre ein mindre del av masken...
  12. E

    Rask eller treig lagergjær?

    Diskuterte lagergjæring med ein kamerat her ein dag og han meinte at Wyeast Czech Pils var mykje treigare til å gjære ut enn Danish Lager. Eg har ikkje prøvd Danish Lager, men er det nokon som har erfaring med begge to som kan seie noko om det?
  13. E

    Avtapping på varmtvasstank

    Tenkte å lage meg avtapping på varmtvasstanken som eg brukar til kokekjele. Planen er å kople platekjølaren til denne avtappinga og bruke naturleg fall (heiser kjelen opp med talje eller har den opp på eit bord) etter å ha virvla den varme vørteren i kjelen slik at humla legg seg nederst...
  14. E

    30 liters Hansa-fat

    Har nettopp fått meg 4 30 liters rustfrie Hansa-fat. Når eg tidlegare har brukt 50 liters fat, så funka brusflaske-trikset til Lars Selven bra, men her får eg ikkje skrudd fatet saman igjen. Er det skilnad på låsinga på 30 og 50 liters fat, eller er det berre eg som er klønete?
  15. E

    For høg FG på brown ale

    pga at termometeret mitt har vist 2-3 grader for lite har eg enda opp med eit altfor søt brown ale. Den vart meiska ved 69-70 grader istaden for 66-67 grader. OG 58 og FG ca 25. Tenkte å brygge samme øla men å meiske den ved 62 grader for å få max utgjæring og så blande 50-50 før tapping. Håpar...
  16. E

    Gjær til Kølsch

    Har tenkt å prøve meg på ein kølsch i vinter, men er litt usikker på kva gjær eg skal velge. Er på jakt etter ei gjær som gir det rette lagerpreget, men som likevel blir klar til å drikkast på rimeleg kort tid. Har tenkt å prøve Wyeast 2007 German Ale sidan eg har den. Andre forslag? Gunstige...
  17. E

    Modning av lambic på glassballong

    Tenkte å lage ein lambic med Wyeast Lambic Blend og modne den på glassballong med eikestykker oppi. Er det nokon som har peiling på dette? Kan eg bruke vanleg norsk eik og sage opp den i småsykker (t.d. 1x4 cm), koke dei litt og så tilsette dei oppi ølet? Kor mykje må ein bruke for å få litt...
  18. E

    Dommarskjema

    Hadde vore kjekt å sett på dommarskjema frå NM.....er dei i kjømda? Espen Lothe
  19. E

    Utbytte av Muntons kontra Castle malt

    Eg har diskuetert med litt ulike bryggarar utan å ha blitt heilt einig. Er det vesentleg skilnad i utbyttet mellom malten frå Castle eller malten frå Muntons? Har nokon meiningar rundt dette? Sjølv har eg rota så mykje rundt med ulikt utstyr i det siste at eg ikkje heilt har oversikten. For oss...
  20. E

    Gassbrennar som sotar

    Har ein gassbrennar (Primus Quartz, samme som den Petit sel) som eg har kopla opp til 2 bar trykk med stillbar regulator. Kanoneffekt og stillegåande, men den sotar fryktelig på gryta. Nokon som veit ei løysing på problemet? Får den for lite luft? (eg bryggar i kjellaren med dør og vindauge...
Tilbake
Topp