Hei alle!
Kjenner meg litt som førstereisgutt, i og med eg ikkje tidlegare har skrive i dette fora.
"Nu er det dags" og anledninga er fullkomen.
Takk til Sigmund for inovative oppskrifter og ingredienser.
Klapp på eiga skulder for vel brygga "Hulder Ale". Dette var vår batch nr 60. Veldig vellykka mesking og skylling.
Takk og til copilot Even som sikra at "bryggeromskipet" landa utan dramatikk seint om kvelden 15. november.
Det dufta utruleg godt i gardsrommet mange dagar etterpå, ettersom alle desse vidunderlege krydderiene låg lagra der i påvente av seinare kompostering.
Eg satsar på å ha med nokre liter "Hulder Ale" til Nøgne Ø, 30. januar. Håper heimebryggararane har den fordomsfrie hatten på
Nå onsdag må me nok snusa litt i glasa på "Onsdag i annen", Cardinal, Stavanger. Norges desidert beste pub :yes:
Det undra meg vel kanskje litt at vår andre "Haugtussa Ale" ikkje nådd lenger opp. Denne fekk svært gode tilbakemeldingar under Ølfestivalen på Nærbø. (Etter mitt vit : lett å laga og lett å drikka; for svært mange !)
Presentasjon ellers : Øldrikkar sidan 13-14 års alder. Har nok smaka nokre kubikk ettersom eg er fødd i -62 og alltid har vore flink til å hugsa på å smaka alt det gode ølet som finnes rundt omkring.
Brygga anstendig sidan 2004. (31 Mikkemustullebryggesett før det)
61 brygg a 250 liter. Berre overgjæra.
Favoritt øl er som regel "Den første" (meg vel unt !
Olav M Bråtveit