3 kjelers e-herms

Held på å lage til eit 3 kjelers e-herms oppsett, etter mal frå the electric brewery. Eg hadde stor nytte av dei ulike bileta og trådane her inne om liknande oppsett når eg var i planlegginga, og ikkje minst som inspirasjon til å komme i gang. Tenkte derfor det hadde vore moro å lage ein liten presentasjon av det eg held på med. Det er ikkje alt som har blitt like pent, men i det store og heile er eg godt nøgd og gler meg til å setje første brygget.
Dei ulike delane har blitt kjøpt inn over eit par år, det har blitt mykje ebay og Biltema/ Clas ohlson.
Kostnaden har eg rekna ut ein gang, men eg er redd den lappen forsvant tidleg i forløpet. Det har ikkje blitt billeg, men har heller ikkje kosta på langt nær så mykje som originalen i the electric brewery.

Kjelsne er 80 quart Concord kjelar, kjøpt på ebay. Dette er vanlege kjelar i rustfritt stål, med tre lags botn. Eg har derfor måtte pine meg igjennom å lage hol til gjennomføringar o.l. Sjølv.

Kokekjel
2c80ec40f9ed73d58c8fc18dc39b7c9a.jpg

d02bc3ed8104cab10bd9221634a47154.jpg

Denne har fått ein whirlpool port, kran nede, 5,5kw element, flottørbrytar og ein pt100 sensor. Lyt få på plass ein dip tube, og evt. Eit humlefilter av eit slag.

Meskekjele
b1f454dbaa8845e1423dcee7dde886f3.jpg

46b29d78d21d0e1565abe12e8349cee2.jpg

Denne har fått kran ut og ein returport. Har fått på plass ein 180cm lauterhexe frå mattmill som eg er særs spent på å prøve.

Hlt
3fb6395aaeb5230128798a84b0568f59.jpg

9933746de06b153e65652395bc7ae14c.jpg

Denne har fått port ut, retur port, flottørbrytar og eit 5,5kw element. Ventar på ein herms coil som skal oppi her og, så trur eg denne får vere som den er.

Styreskapet
f1939db5b6658eb797ec0f0db1bd04a8.jpg

3e0f08238ff03c5c012106ba829566db.jpg

baaba44375457942313ed95c678a2439.jpg

6df0e7906441a2b18e2b82309f1ad70c.jpg

Her er det litt hummer og kanari. Men PID er frå sestos, SSR er 60a fotek. Dei to blå kontaktane er 32 amp til kokekjel og hlt, xlr koblingene til pt100 og dekkskontaktane er til pumper og flottørar.
Straumkabelen inn skal sjølvsagt bytast, lyt berre kappe den opp først...

Eg har eit håp om å få på plass nokre skikkelige pumper med tid og stunder, men til å byrje med vert pumpene nokre svarte 12volts pumper frå ebay.

Dersom det er nokon som går med liknande tankar er det berre å spørje om det er noko de lurer på. Eg har ikkje så god greie på verken elektronikk eller å lage hol i dyre kjelar, men eg har gjort nokre feil eg har måtte rydde opp i om ikkje anna.

PS. Orsakar den dårlege bildekvaliteten.



Sent from my iPad using Tapatalk
 
Tilbake
Topp