Bazookafilter i meskekar

FrodeSy

Norbrygg-medlem
Opplever for tida ekstremt treig skylling. Har drive og tappa / skylt sidan kl 1945, men har framleis berre fått ut drygt 26 liter og dette slit kraftig på tålmodigheita  (satan i helvetes fittefaen!!!)  :rasende: :djevelsk:
Mistenker at det er bazookafilteret som er problemet, ev kombinert med litt for fin maling av kornet. Men for BIAB og mesking i "bøtte-i-bøtte" med 1,5 mm opning i falskbotnen så opplever eg ikkje kverninga som eit problem. Eit anna problem kan vere maltmengden: 13,6 kg malt - 2,2 liter vatn pr kg malt - i 44-liters igloo ( edit: for eg opplevd ikkje dette problemet då eg meska bokk med 7 kg malt og 3 liter vatn pr kg malt, eller med ESB med 6,8 kg malt og 2,5 liter vatn pr kg malt .)
Veit da fan om eg gidd å leite etter løysingar og heller gå tilbake til mitt gamle "bøtte-i-bøtte"-oppsett, men må jo berre høyre med andre om de har opplevd det same.
 
Jeg bruker også Bazooka i Igloo (og av og til stein i glasshus), men plages ikke av treg avrenning. Jeg tror nok at et vanlig meskemanifold av kobberrør med slisser er mer effektivt, men om du iallfall lar de første literne renne sakte til mesken har satt seg, bør ikke Bazookaen skape store problemer. Og ja, kanskje prøve grovere kverning.
 
Utbyttet så langt har vore 75 - 77 % (OG 1.082 - 1.054), så det er eg bra nøgd med - spesielt sidan eg ikkje har brukt veldig lang tid på skyllinga. Men no ser det ut til at utbyttet blir rundt 67 % (OG 1.096).

Maltsenga har sett seg såpass bra at då eg fylte på 8 liter 95-graders vatn for 3. skylling så slapp eg å resirkulere dei første par literane. Eg skylte forresten då, Kjetil S, sakte. Prøvde å skylle raskare, men fekk framleis ekstremt treig avtapping.
 
Ok. Update.
Enda faktisk med sein avrenning frå kjelen også (med bazookafilter) etter endt kok. Etter ei lita rørsle rundt filteret hamna 1 liter mørk seig imperial stout på golvet. Kl var då rundt 0300 og eg missa rett og hovudet for det var ikkje første literen som hamna på golvet denne bryggedagen :saadoevt:. Banna og steikte (ungane vakna heldigvis ikkje), kasta kluten veggimellom (fleire gongar  :D) og bestemte meg prompte for ALDRI - ALDRI - ALDRI å bruke korkje igloo eller bazookafilter igjen, men heller gå tilbake til min gode gamle "Europris-bøtte-i-bøtte". Idéen om å gå tilbake til ekstrakt-brygging igjen var eg også innom, og det var på nippet til at eg heiv meg på telefonen til Ola B for å bestille Speidel. Men eg visste jo kva klokka var og at frua ville bli dansande galen.

Vel, fekk 75 % utbytte med OG 1.096, så det er eg godt nøgd med. Diverre så gav det seg utslag i fleire liter enn berekna. Eg var framleis så sur at eg valgte å peise mest muleg ned i dei to 15-liters kara mine. Ergo står det eine karet og spyr gjær ut opninga for gjærlåsen - og det til trass for dobbelt så mykje skumkontroll som anbefalt. (No nærmer dette innlegget seg å bli redigert av administrator til bryggetabber...  :cheeky:)

Etter nokre timars søvn vakna eg samstundes med 5-åringen. Hadde rimeleg god nytte av søvnen for eg bestemte meg for å bruke iglooen med bazooka ein gong til for å sjå om det var det var den lave rationen mellom vatn og malt (2,2 liter pr kg) som kan vere forklaringa. Så neste gong blir det 2,7 liter pr kg. Men ikkje fan om eg skal bruke bazooka i kjelen igjen. Nokon som treng eit bazookafilter?  ;) Vel eg beheld det som reserve i meskekaret om eg skulle behalde det.

Frode signing off for å tørke gjær i gjæringsskapet...
 
Dette høres kjent ut. Jeg mesket også med bazookafilter i går som gikk tett. Endte med å finne frem BIAB posen og tømte alt over i den. Greit å ha i bakhånd. Nå blir det meskemanifold med slissede kobberrør før neste brygging.
Har også prøvd bazooka i kokekjele. Med pellets og klaringsmiddel gikk det tett meden gang. Nå har jeg sydd med en liten silpose med silstoff fra Ikea, som jeg henger på krana når jeg tapper. Da samler jeg opp det aller meste når jeg tapper uten at det går tett. Enkel og grei løsning.
 
Bruker Igloo 34L med bazookafilter og har aldri problemer med sen avrenning.
Filteret har jeg laget av rustfri stålfletting til hydraulikkslanger, dette blir MYE stivere enn bazookafilter som selges over disk:)
Stålfletting kjøper du på Hydroscand. Se side 7 i katalogen: http://www.hydroscand.no/MediaBinar...433b-4c6f-afc0-98229a9a6307&FileName=5-2.pdf
I tillegg bruker jeg syrefast sveisetråd med dia 1mm som tvinnes til en spiral og føres inni strømpen. For å få enden på filteret tett tar jeg en syrefast M10x20 bolt og syrefast slangeklemme.
Kan sikkert ta et bilde i morgen hvis det trengs.

Kristoffer
 
Kristoffer L skrev:
Bruker Igloo 34L med bazookafilter og har aldri problemer med sen avrenning.
Filteret har jeg laget av rustfri stålfletting til hydraulikkslanger, dette blir MYE stivere enn bazookafilter som selges over disk:)
Stålfletting kjøper du på Hydroscand. Se side 7 i katalogen: http://www.hydroscand.no/MediaBinar...433b-4c6f-afc0-98229a9a6307&FileName=5-2.pdf
I tillegg bruker jeg syrefast sveisetråd med dia 1mm som tvinnes til en spiral og føres inni strømpen. For å få enden på filteret tett tar jeg en syrefast M10x20 bolt og syrefast slangeklemme.
Kan sikkert ta et bilde i morgen hvis det trengs.

Kristoffer

For ein mann med 4 - 5 tommeltottar, så er bilde kjærkome  :skitbra:
 
Tilbake
Topp