Eg og ein gjev frende tenkjar å bryggja eit fyldig øl (overgjæra), med rimeleg styrkje (5-7%) og mørk let. Eg tenkjar å nytta hovudsakleg pale ale malt, med eit innslag av fleire sortar spesialmalt. Me tenkjar å gjera det enkelt, for å auka vellukka, men au for å minska arbeidet. Fråga er om nokon kunne tenkja seg å komma med forslag til oppskrift på eit slikt øl. Eg takkar på førehand for svar. De får orsaka den lite naudsynte nynorsken.