Det enklaste og kansje billegaste kan vere ein tettvikla spiral av koparrøyr, 8-10-12mm, så lang som du får plass til i ein billig vannkokar. Fylle vannkokaren med vatn og sirkulere vørteren gjennom spiralen. Då kan du styre elementet med PID/SSR med temperaturfølar på vørter ut-linja fra spiralen.
Kansje ikkje det lekraste, men funke vil det.
Eg brukar pr i dag ein kjele på 6l med ca 5m 8mm koparrøyr i. Varmer den med 2kw induksjon, så foreløpig er det berre manuell styring. 2kw er nok for mitt volum på ca 40-50l før kok. Har gjort multi steg mesk for å prøve korleis det virka, og praktiserar no alltid mash-out på 76º-78º på alle brygg.