Har ein del Coopers plastflasker, og det har fungert rimeleg fint. Men faser dei sakte men sikkert ut, hovudsakeleg fordi:
1. Vi er lei av å bruke lang tid på å vaske og desinfisere flaskene i Starsan, så vi baker heller flasker i steikeovn. Det kan vi jo ikkje gjere med plastflasker.
2. Vi har hatt eit rekkje plastflasker som har blitt deformerte og skada over tid. Sikkert uvoren handsaming (temperatur når vi vasker, slag og transportskader, pakningar på korkar som kjem av).
3. Den estetiske opplevinga ved å skjenke frå ei flott glasflaske har ein reell verdi i seg sjølv. Dette manglar plasten.
Men det er jo svært greit å putte plastflasker i ein sekk og ein koffert om ein skal på tur. Og ikkje minst greit å transportere tomme flasker som ikkje veg noko attende til heimebryggeriet. Og no sidan vi faser dei ut ingen fare å gje vekk flasker som vi ikkje får attende.