Me sette vår fjerde batch i helga, ein saison. Det gjekk fint til me skulle tilsetja gjær - då såg me at gjærposen inneheldt 11 gr. og at det skulle vera 1g. gjær pr. liter vørter, dvs. at me hadde gjær for 11 ltr. vørter, medan me hadde 17 ltr. vørter. Ettersom regelen vår er heller litt for mykje gjær enn for lite - for å vera sikre på å utnytta alkoholpotensialet - var jo dette eit slag i trynet. Så me bestemte oss for å tilsetja gjæren me hadde, kjøpa ei ny pakke dagen etter, og så tilsetja den.
Når me så hadde kjøpt ei ny pakke og skulle tilsetja den, ploppa det fint i gjærlåsen. Då vart me plutseleg i tvil - ville det no vera dumt å opna gjæringskaret og sleppa til luft når alt ser ut til å vera i skjønnaste orden? Så spørsmålet vårt no er kva meinigheita ville ha gjort her? 1. Tilsett den andre pakka med ei gong fordi det ikkje har noko å seia at luft kjem til (?) 2. Sett an korleis det utarta seg og heller tilsett pakke 2 dersom gjæringa dabba kjapt av (dvs. ila. den første veka)?
Me er nybyrjarar på bryggefronten, så me lurer også generelt på korleis dette med gjærmengd slår ut: Er det så enkelt som at lite gjær betyr mindre alkohol og meir gjær betyr meir alkohol? Og har gjærmengd i seg sjølv innverknad på smaken (utover at alkoholmengda jo verkar inn på smaken)?