Eg trudde eg hadde tømt alt i vasken, men fann 5 liter udrikkeleg øl i boda. Det skulle vere ein lys abbey ale-type, men mangel på aktiv gjær og/eller 10-11% alkohol gjorde sitt til at flaskene ikkje blei karbonerte. Det smaker difor kvalmande søtt pga karboneringssukkeret. No har det gått ein djevel i meg, og eg har planar om å gjere noko med desse seks literane. Eg ser for meg nokre vegar:
1. Tøm flaskene over på dunk, tilsett ny, aktiv gjær. Enten abbey ale eller champagne. Flask på nytt.
2. Tøm flaskene over på dunk, vatne ut med vatn til ein meir trygg alkoholprosent og større volum, tilsett ny gjær, flask på nytt.
3. Tøm flaskene over på dunk, lag ny vørter og bland inn i det gamle ølet. Gjær ut og flask. Dette trur eg utgår, for då finn eg aldri ut kva den originale ølen eigentleg smakte.
I alle alternativa kan eg jo la ølet gjære ut på nytt, for så å flaske med nytt karboneringssukker og håpe det går bra denne gongen. Eller eg kan bare tilsette gjær (i ein eller annan utrekna mengde) og flaske på nytt med ein gong.
Brett og funk tør eg ikkje ta i endå.
Innspel og andre idéar til kva eg kan gjere med dette?