Aleksander87 skrev:
Jeg holder på å oppgradere bryggeoppsettet mitt og i den anledning kjøpte jeg halvtoms gjennomføringer fra eBay. Når de kom frem viste det seg at de har større diameter mot midten, slik at det er glemmesak å skru noe skikkelig til. Så da trenger jeg nye gjennomføringer. Hvor får folk tak i dette? Er ikke så lysten på å betale skjorten av meg.
Veit ikkje kva slags gjennomføring du har kjøpt men eg tippar det er ein med 1/2" NPT-gjenger. Desse er koniske og av natur tjukkare på mitten. Det er den koniske forma som gjer at det tettar i teorien. I praksis må ein bruke gjengetape el.l for å få det tett og ikkje skjære gjengene.
Den aller beste løysinga for demonterbare (ikkje sveisa eller lodda) gjennomføringar eg har funne fram til ser du her:
http://norbrygg.no/forum/index.php/topic,5362.msg44695.html#msg44695
Dei muttrane på bildet er "full bore" og kan skruast heilt inn på gjengepartiet. O-ringane blir liggande mot innside/utside av veggen i kjelen/meskekaret/o.l. og holdt på plass av eit spor i mutteren. Samtidig tettar dei mot det glatte, gjengefrie partiet på nippelen slik at det ikkje er nokon plass veske kan krype ut.
Dette er etterkvart den einaste varianten eg stolar på i kjelen og gjæringskara mine, då eg ikkje vil risikere å leke 40l gjærande vørter ut på golvet når gjæringen føregår og eg ikkje er heime.