Eg vart nyleg skulda forå vere alt for nøye med desinfisering i bryggeprosessen av ein erfaren kornølbryggar (som eg i denne samanhengen skal halde anonym). For å understreke poenget dyppa han ein halvskitten finger i vørteren i det eg pitcha gjæra. Eg skal innrømme eg vart ein smule animert, då dette var ein Riwaka SMASH der eg har arbeidd hardt med å få tak i nødvendige ingrediensar frå down under. No syns eg det ploppar litt for ivrig i gjærlåsen. Er eg paranoid, eller kan slik kontaminasjon med overlegg føre til problemer på lengre sikt?