Norbrygg sitt fylkeslag i Trøndelag inviterer til årets Juleølkonkurranse på Tautra, laurdag den 12. november. Sett av helga til eit besøk i Trondheimsfjorden. Du kjem til å lære noko nytt og få godt øl og god mat - i selskap av trivlege øl-folk!
Årets foredragsholder er Lars Marius Garshol; som vil gi oss eit innblikk i ulike side ved tradisjonsbrygging i både inn- og utland. Norsk kveik blir gentesta, for å avklare slektskap med andre gjærstammer brukt til brygging - vi håper at resultat frå dette arbeidet er klart!
Vi har intensjon om å tilby prøvesmaking av norsk tradisjonsbrygg, under foredraget. Prof. Per Bruheim ved NTNU har tilbydt oss å dyrke opp gjær frå gjærsamlinga som Lars Marius har bidratt til å få etablert, ved innsamling rundt om i landet.
Dette krev at ein handfull bryggarar stille med nybrygga øl, etter ein tradisjonell norsk oppskrift. Dei som ynsker å bidra tar kontakt med meg på jan.erik.garshol@gmail.com - eg vil vete kva oppskrift du vil brygge og kva gjær du vil nytte. Eg har laga ein oppskrift på “Vest-norsk rå-øl”, basert på denne blogg posten, som eit alternativ for dei som ikkje har ein eigen tradisjonell oppskrift. Eg vil hjelpe dykk med gjær, mot at dykk stiller på foredraget med ein 6+ liter smaksprøve, samt ein rikholdig logg frå bryggedagen, gjæringsforløpet og evt. lagring.
Vi vil forsøke å få satt opp buss frå Klostergården til Trondheim. Avgang blir omtrent som tidligare år. Meir informasjon om dette, når detaljene er på plass.
Det vil bli arrangert ein flaskekonkuranse, meir informasjon kjem i eigen tråd på forumet. Du kan anta at det blir omtrent som tidligare år, både når det gjeld klassar og dato for innsending.
Tentativ plan for laurdag 12. november på Klostergården blir da omtrent slik:
Overnatting på Klostergården bestiller du direkte på post@klostergardentautra.no.
Du kan velje mellom rom med plass til litt ulike antall personar (950 kr/person og 550 kr/person) og felles sovesal (300 kr/person).
------------
Vest-norskt rå-øl, frå Horningdal
* Kok opp vatn og godt med yngre einerkvist i ein kjel, uten å fylle den helt med einekvist.
* Mesk 50% pilsner og 50% pale med einerlåg i forhold på ca 2,5 l per kg på stabilt 74C i 90 min. Merk: Det er mesken som skal holde 74C, einerlågen må da vere noko varmare.
* Legg skolda yngre eineskudd i meskekarret, skyll med nykokt einelog ved ca 85 C
* Tørrhummle vørteren med ca 10 gram edel hummle med lav alfa syre per 25 liter vørter
* Sett ein starter med kveik - la den gå i minst 30 min
* Sett gjæra ved 30 C - minst vedlikehold temperaturen gjennom gjæringa
* Kjøl ølet etter 48 tima (for å stoppe gjæringa; lagring ved 4-5 C gir søtt og flatt øl, 10-11 C gir tørrt øl med meir CO2)
* OG 1075, FG 1018
- Eine med mykje bær gir meir preg.
For ein batch på ca 22 liter:
3,5 kg med pilsener og 3,5 kg pale
Mesk med 18 liter einelog
Skyll til vørter er på OG 1075
Tørrhumle med 10 g EKG eller Mittelfrüh
PS! Vørtern skal ikkje kokast, dette er eit rå-øl. Dette stille høge krav til reinsligheit - også ved knusing av malten og val av einerbusker til bruk i meskekarret.
Dette ølet er drevet av ein særegen gjærstamme (med mange gjærtypar) og som inneheld fleire ulike bakterier. Som du kan få tilgang til - om du melde deg som frivillig bryggar og stiller med 6+ liter smaksprøve på Tautra den 12. november!

- Kl 1300: Foredrag med Lars Marius Garshol
- Kl 1600: Festmiddag, øl og mat frå Klostergården
- Kl 1900: Oppmøte for utstillarar i Publikumsfavoritt (gir gratis inngang på PF med eit følje per øl)
- Kl 1930: Inngang på Publikumsfavoritten
- Kl 2330: Stemmegivning blir avslutta, med påføljande premieutdeling (også på flaskekonkuranse)
- Kl 0100: Avgang for buss til Trondheim (via Stjørdal)