Hei! Skal lage et hveteøl og ved feilberegning har jeg litt stor maltblanding, så jeg må koke i 2 kjeler. Går det bra at jeg kjøler en om gangen, da jeg bare har en kjøler?
Du har vel ikkje så mange val om du vil prøve å ha minst muleg bryggetid. Kan du ha eine kjelen i (is)vannbad? Då eg brygga ekstrakt med 20-liters kjele brukte eg å plassere denne i eine gjæringskaret som var fyllt med kaldt vatn frå dusjhovudet, dette låg igjen i karet og fyllte stadig på med kaldt vatn. Funka ok det.
Forutan faren for infeksjon og for å sikre rask bunnfelling av trub i kokekaret, så er eit viktig poeng med rask nedkjøling å få mest muleg igjen for smaks- og aromahumle. No kjenner eg ikkje oppskrifta di, men du har vel minimalt med aromahumle. Då kan det kanskje vere eit poeng at du tilset smakshumla nærare kokeslutt for å kompensere pga manglande nedkjølingstid. (Dette om du koker med humle i begge kjeler.)
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler (cookies) for å tilpasse innholdet, skreddersy din opplevelse og holde deg innlogget dersom du registrerer deg.
Ved å fortsette og bruke dette nettstedet, samtykker du i bruken av informasjonskapsler.