Om ein har pengar til det/ynsjer å prioritere slik, så er konisk noko å satse på. Eg har tre stk 125l til 10000,- pr stk. Det er sjølvsagt galskap, men om ein samanliknar størrelse, kvalitet, og andre "features", trur eg at eg ikkje gjorde det så aller verst i høve til Blingmann, brewbucket etc.
Eg lukkar tanken (den skal tåle to bar) og har ein elektronisk overtrykksventil så gjer at eg tappar ferdig karbonert øl på fat etter endt gjæring. Botnventilen gjer at eg kan dumpe trub før tilsetting av gjær (eg bryr meg ikkje om eg får med trub fra gryta mao.), og eg dumpar gjær og trub eit par dagar før tapping på fat. Resultatet er rask klarning på fatet og lite grums i det heile tatt.
Men eg hadde ikkje betalt 2500,- for den rustfrie bøtta, då hadde eg heller brukt plast eller byggd sjøl av vvb.