Eg har lyst til å få meir kontroll på gjæringstemperaturen, men er usikker på korleis eg kan gjere dette på ein grei måte, helst utan å svi av verken for mange pengar eller huset. For kunnskapane mine om elektronikk er totalt fråverande, så eg kan ikkje satse på å lage eit kjøleskap med varme/kjølefunksjonar, slik eg ser mange av dykk gjer.
Pr. no har eg dunken ståande på eit rom eg forsøkar å halde på 18-20 gradar. Dette klarar eg stort sett, men eg skulle gjerne ha hatt betre kontroll. Eg har to brygg på flaskemodning no som eg er veldig usikker på om kom seg "uskadd" gjennom gjæringa, då kong vinter slo til med heftige temperatursvingningar her i vest, noko som gjorde at rommet dunkane stod på også vart påvirka.
Har nokon gode tips?