Min fyrste IPA

Hei alle!

Etter å ha brygga 4 omgangar med Huub sin belgiske trippel (Og den var veldig god), har eg lyst til å prøve meg fram på meir komplisert grunn. Eg har litt saker liggande og ynskjer å lage ein IPA med det eg har. Eg har ikkje beersmith og har berre lasta ned qbrew, men har ikkje heilt sett meg inn i korleis det fungerer. Så difor ber eg om hjelp her. Det eg har er:

Humle:
100 g Amarillo 9,3% (Pelets)
40 g Fuggles 4,7% (Pelets)
70g Styrian goldings 3,8% (tørka blomst)

Malt:
500 g Caramel Malt Mørk knust den 28.09.11 av bryggselv.no
1 kg Aromatic Malt knust knust den 28.09.11 av bryggselv.no
25 kg Maris Otter (uknust) (Og no har eg fått meg maltmølle, hurra!)

Det blir kanskje ikkje nok til ein IPA, men eg ynskjer altså å bruke opp restane mine.

1. Er det nokon som kan bidra med råd/ ei oppskrift? Kan gjerne kjøpe nye ingrediensar, så lengje eg får brukt opp restane mine.
2. Går det an å bruke den knuste malten, sidan den er så gamal. Vil det påverke utbyttet mitt mykje? Det er jo ikkje basismalten min.

Blir veldig glad for svar og synsing frå forumet!
 
Qbrew er enkelt og bra til å sette på plass ingredienser og få beregnet IBU og farge (men merk at den bare viser lovibond eller hva det nå er amerikanerne bruker). Til en 23 liters batch kan du prøve noe slikt (Amarillo er vel ikke med i Qbrew, så bare sett inn noe annet og sett 9,3% AA):
Kode:
Recipe Gravity		1.062 OG		Estimated FG		1.015 FG
Recipe Bitterness		63 IBU		Alcohol by Volume		6.0%
Recipe Color		12° SRM		Alcohol by Weight		4.7%
Ingredients
Quantity		Grain		Type		Use
0.50 kg		Crystal 60L		Grain		Mashed
5.50 kg		Maris Otter Malt		Grain		Mashed
Quantity		Hop		Type		Time
40.00 g		Fuggles		Pellet		60 minutes
30.00 g		Ahtanum		Pellet		0 minutes
30.00 g		Ahtanum		Pellet		15 minutes
40.00 g		Ahtanum		Pellet		60 minutes
Quantity		Misc		Notes

I dette tilfellet er altså Athanum Amarillo.
 

Vedlegg

  • amarillo IPA.qbrew
    824 bytes · Sett: 22
Tilbake
Topp