Kom ned i kjellaren for å tappa "ein liten til" frå frontmontert Intertap kran på kjøleskapet og det var vått på golvet. Kranen har leke og flaska under drip-tray var full. Har ikkje opplevd dette før på ca. 15 brygg på fat. Har lete ølslangen vore kopla på fatet og berre stengt kranen. Hadde eg ikkje gått ned for påfyll hadde eg hatt 18 liter øl på kjellargolvet i morgon. Kva er vanleg praksis? Stola på kranen, eller kopla frå?