OG 1.060. 1 veke seinare: Fortsatt 1.060

Hei,

Sat mitt fyrste brygg forrige laurdag; Havrestout frå Vestbrygg. Følte dette gjekk relativt bra. OG i oppskrifta var 1.056, eg kom ut med OG 1.060.
Strødde gjæren (Safale S-04) på toppen etter tapping til gjæringsbøtte og rista godt.

Har vore litt plunder under gjæringa for å finne eit rom med rett temp, så eg har flytta litt på dunken undervegs.

Temperaturane på vørteren har vore sånn ca;
Dag 1-2: 21-22 c
Dag 3-4: 10-11 c
Dag 5-7: 19-20 c

Tenker at dette sikkert kom til å kødde litt med gjæringa, men då eg skulle måle i dag for å sjå kor langt gjæringa var komen, låg vørteren fortsatt på 1.060!

Er det berre til å tømme ut, å sjå på ølet som tapt, eller kan eg prøve å tilsetje meir gjær? Har lagt seg eit 1,5 cm tjukt lag i bunnen av karet, som eg trudde var døde gjærceller.
 
Ahh...
Kan bekrefta målefeil. Ikkje av hydrometer, men av meg sjølv.
Vørteren låg på 1.020, ikkje 1.060.
Eg såg på Approximat sugar feltet på hydrometeret i staden for SG feltet.Lærte i hvert fall noko nytt i dag!

Takk for hjelp!
 
Tilbake
Topp