ØLBRYGGEKONKURRANSE Oktoberfest Stryn 2016

Andreas Sunde

Norbrygg-medlem
ØLBRYGGEKONKURRANSE UNDER OKTOBERFESTEN
Når Ping Pong-klubben i Stryn ber inn til oktoberfest i september, inviterer vi samtidig til ølbryggingskonkurranse for tredje gong.

I år har vi endeleg fått godkjenning for at publikum kan få smake på ølet til bryggarane!!! (Vi venter framleis på den offisielle godkjenninga, men dette går vegen!)

Konkurransen er inndelt i to klassar: "Tradisjonelt konnjøl" og "internasjonale ølstilar".

Juryen vil legge vekt på faktorar som smak, farge og lukt. Arrangørene vil likevel setje pris på om deltakarane gjer ein god jobb med emballasje, etikett og historieforteljing, med meir. For deltakarar i klassen "internasjonale ølstilar" er det viktig å spesifisere kva for stil ølet er laga i. Innleveringsfrist for øl som skal vere med i konkurransen er fredag 16. september kl 20.00. Leveringsstad er Isehaug kafeteria. Ølet må merkast med namn, adresse og mobilnummer, samt informasjon om ølet og kva klasse ein konkurrerer i.

Det skal leveres inn 1 liter øl for bedømming. Valfri emballasje. Kvar deltakar kan stille med maksimum 4 øltyper i konkurransen.

Alle som skal vere med i konkurransen må melde seg på ved å sende epost til brygging@oktoberfeststryn.no seinast 12. september.

Juryformann er Espen Lothe frå Kinn Bryggeri, og vi har i år - som tidlegare år - ein svært velkvalifisert jury.

Alle bryggarane må møte opp ved Isehaug kl 12.00 laurdag 17. september. Her vil det bli informert om kva som skjer utover dagen. Når vi no får lov til å servere smaksprøver vil det bli eit heilt nytt opplegg med eget telt.

Kvar ølbryggar vil få anledning til å fortelje om sitt øl, og det blir sjølvsagt fantastiske premiar til vinnarane. Vi oppfordrar ølbryggarar frå heile landet til å stille opp i konkurransen.

For meir informasjon, kontakt konkurranseansvarlege Arve Aaning eller Svein O. N. Solum på brygging@oktoberfeststryn.no.


Vinnarbiletet frå konkurransen i 2014.
 
Topp