FrodeSy
Norbrygg-medlem
Har nyleg smakt maibocken eg brygga rett før jul. Den var ganske så god "allereie". Har aldri smakt ein "kommersiell versjon" av maibock før, men min versjon minner meg i alle fall om bock-øl. Men der var eitt eller anna (edit: søtleg) med smaken som eg ikkje likte. Kan det vere dms frå pilsmalten? Må seie at eg tvilar sidan eg hadde rullande kok i 90 minutt, dessutan gjekk kjølinga unna på ca 20 minutt. Eg mistenker difor at dette er smaken på pilsmalten som var nytta. (Heidelberg pilsmalt frå bryggselv: http://www.bryggselv.no/products/pilsner-malt-heidelberg-ekstra-lys-bm) Mistanken kjem fordi eg syntes smaken minte meg mykje om tradisjonsbrygga kornøl frå Sunnmøre (kønnjøl). No har eg ikkje så mykje imot slike øl, det er berre det at eg set meir pris på andre øl.
Beskrivinga mi av smaken er svært mangelfull. Meg eg lever likevel i håpet om at nokon har erfaringar å bidra med. Det er i alle fall garantert at det ikkje er siste gong eg bryggar ein maibock!
Edit: kan hende kjem smaken pga for kort lagring? Den har stått på kaldlagring i 5-6 veker.