protto's b(r)yggeri

protto skrev:
Mr.Baggins skrev:
Lokket har en diameter på 498 mm på undersiden ( den delen som skal ned i panna m.a.o) og ca 520 mm oppå. :)

Eg måler loket mitt til 496mm, og tanken til 494-496mm. Dei er jo ikkje heilt runde.

Takk for måla.
Tankene mine måler 498-499mm, så det er vel akkurat i grenselandet. Får valse en ring og sveise på om nødvendig.  :)
 
I dag testa eg nye meskekjelen, HERMS/varmevekslaren (HEX'en). Har ikkje fått klar ny kokekjele så eg kokte i ein 75 liters pluss ein 25 liters kjele. Mesking gjekk strålande, HEX'en fungerte prikkfritt og holdt tempen innanfor få tidels grader. Styreskapet er ikkje komplett endå men har all styring til meskingen. To PID'ar, ein til vørtertemperatur, og ein til temperaturen på vatnet i HEX'en. Det er 3x2Kw varmei HEX'en og dei er styrt av tre SSR'ar.

Har ikkje HLT, men skolte malten med vatn fra varmtvatnkrana, gjennom HEX'en. Dei 6 kilowatta hadde ingen problem med å  varme opp fra ca 50 til 78 grader on the fly.

Kjølte ned vørteren ved å pumpe den gjennom HEX'en mens eg hadde kjølevatn sirkulerande gjennom beholdaren. Det er både inn og utgang for vatn på toppen. Brukte ca 45 minutt på å kjøle ned 80l vørter til 17 grader. Ikkje supereffektivt, men greit nok.


Har tatt i bruk eine koniske tanken min. Kjøling/varming blir litt provisorisk. Har kveila ein røyrspiral utanpå tanken og ein tappelinjekjølar sirkulerar kaldt vatn ved behov. Styrt av STC-1000.
Får sjå kor godt det fungerar og heller pakke den inn litt om kjølinga ikkje blir effektiv nok.

Alt i alt ein grei bryggedag. Det blir eit kompakt og lettvint bryggeri når allt er på plas. Kapasiteten blir nok 100 liter +. Brygga 80l i dag med god plass i meskekaret. Meskeutbyttet ser ut til å lande midt på 80-talet på første brygget, som var ein US-Amber med OG 1,060.
 
Ser det har falt ut litt bilder under forumflyttinga...

Har gjæra øl i to veker i den nye koniske. Kun med ein røyrspiral kveila på utsida av tanken, med sirkulerane vatn gjennom. Ein tappelinjekjølar sørgar for kulden og sirkuleringen. Har holdt fint på temperaturen til tross for varmt vær. Etter stormgjæring satte eg ein vifteovn på 500w framfor tanken, og denne holdt tanken på 20 grader når romtempen vart litt lågare.

Satte STC'en på 5 grader i går og litt over eit døgn seinare er ølet 5 grader med romtemperatur på 20. Dette er meir effektivt enn eg hadde drøymt om. Surra ei yogamatte rundt tanken i dag for å spare kjølaren litt.

Lagde meg ein custom 1,5" TC kobling med gass-inn. Nør eg skal tappe køyrer eg gasstrykk på den og pressar det inn i corneliusen.
 

Vedlegg

  • 20140609_174012.JPG
    20140609_174012.JPG
    269,5 KB · Sett: 277
Då har eg tappa første brygg på nytt bryggeri. Fire fat US-Amber. Køyrde gass på tanken og tappa gjennom ut-ventilane på corneliusfata. Klart og fint øl utan grums på slutten. Dumpa gjær og trub i går, og litt i dag før tapping.

Har eit gjennomsiktig lokk på toppen av gjæringstanken som passar som blindlokk på ein 4" TC tilkobling som er der. Veldig fint å ha for å tørrhumle, kikke på gjæringen, og følje med under tapping.

Vasking av tanken til slutt med pumpe fra Biltema. Det er roterande vaskeball i tanken og pumpa på 1100w klarar fint å drive den.

20140612_133758.JPG 20140612_133729 (1).JPG
20140612_141918 (1).JPG
 
Litt av ei pumpe! Kjøpt denne?Og er det en glycolkjøler jeg skimter i bakgrunnen?
Pumpa er fra biltema. http://biltema.no/no/Fritid/Hage/Vanning-og-Pumper/Vanningspumpe-17951/ Den rustfrie på 1100W. Kraftig nok til å drive vaskeballen, men er usikker på holdbarheiten med varmt vaskevatn. Gjenstår å sjå.

Kjølaren er ein firelinjers ølkjøler med eiga sirkuleringsløyfe til kjøling av tappetårn og slangebundle. Eg brukar den til kjøling av gjæringstank.
 
Hvor kjøpte du kjøleren? Var den dyr?

Det dukka opp ein på Finn, til rundt 6000 med tappetårn. Når eg fekk ordna med transport hadde fyren solgt den til ein annan. Men han hadde ein til som var ny og ubrukt. Fekk den for 4000 sidan tappetårnet ikkje var med. Det var heilt greit for min del sidan eg har tappesystem allereie og ikkje hadde tengt å bruke kjølaren til det.

Det pleier ofte å ligge på Finn i ny og ne i forskjellige størrelsar.
 
Elektrisk spunding valve: Programmerbar trykkontroller som opnar ein magnetventil ved innstillt trykk. Har også ein mekanisk overtrykksventil som er justert litt høgare, i tilfellet straumbrot eller andre feil.

Let stormgjæringa gå som normalt med gjærlås, og så monterar eg denne litt ut i gjæringen for å få naturleg co2, og spare littt gass.20130427_225619a.JPG

Magnetventilen er fra ein byggvarmar. Der er og dyse og nåleventil. Justerar den slik at trykket ikkje synk for brått.
 
Den kan med fordel være montert under hele gjæringen.
Gjæring under trykk skal vistnok gi renere utgjæring av reststoffer.
Protto, nå må jeg igjen lage noe :)
Takk ;)
 
Den kan med fordel være montert under hele gjæringen.
Gjæring under trykk skal vistnok gi renere utgjæring av reststoffer.
Protto, nå må jeg igjen lage noe :)
Takk ;)
Hehe, ja den kan nok det. Men det er litt tynne løp så er litt redd for at den skal gå tett om det kjem krausen opp i systemet.
 
Sånn blei det til slutt.
20140726_132359.jpg

Sjåglas:20140726_150956.jpg

Har brygga to ganger med det men det gjenstår nokre småting. Siste brygg fekk eg testa platekjølaren eg kjøpte hjå dudadiesel.com. Funka den, men syns det gjekk tregt. Det viste seg at kjølevatnet holdt 18 grader, og det var også target temp på vørteren. Kansje ikkje så rart det gjekk litt tregt...
 
Hvor rask temperaturøkning får du mellom meskestegene med superhermsen Protto? Og hvis du ikke kjører full effekt, hvor mye effekt kjører du sånn omtrentlig?
 
Hvor rask temperaturøkning får du mellom meskestegene med superhermsen Protto? Og hvis du ikke kjører full effekt, hvor mye effekt kjører du sånn omtrentlig?
Såg denne først no...

Det er 6kw i hermsen og eg brukar alt. Har ikkje målt tider, men når eg steppar opp til utmesk gir PIDen maks pådrag ei god stund. Antageleg så lenge det tar å sirkulere heile volumet i mesken. Det går endå litt tid før heile mesken har nådd 78ºc. Eg sirkulerar med kansje 6-8lpm.

Skal brygge igjen ganske snart då skal eg sjekke litt grundigare.

Det som er litt artig er at det tek omtrent akkurat like lang tid å brygge 100 liter på dette bryggeriet som 40 liter på det gamle. Då ser eg bort fra kjøletiden på siste brygg med 18º kjølevatn.
 
Det er det. Har vore travelt i det siste. Har også jobba litt med ein ny kompakt-HERMS og nokre svære tankar til mesking og koking.

Teaserbilder av HERMS til 100L bryggeri under:

3x2Kw varme, float switch mot tørrkøyring, termostat mot koking, kobling til vatn inn og ut for å kunne bruke den som kjølar. Beholdaren er eit 6" eksosrøyr i rustfritt (!) med 6" triclamp-flensar. Varmeelement i botnen og vesketilkoblingane på toppen.
PT-100 sensoren for vørter ut er satt i eit 90 grader bend. Ikkje testa enda.

Dei koniske har eg berre så vidt pakka ut og inspisert. Ser generelt bra ut bortsett fra eit par små detaljar som eg må få orden på. CIP-pumpe er kjøpt inn (Biltema, 1100w vasspumpe) så det må testast ut.

Er ute etter deler for å kopiere denne hermsen. Du har ikke delelisten til den, og eventuelt en forklaring på hvordan du har utført det?
 
Det er litt bilder side 10 og 11 i denne tråden. Ellers er det sjølve spiralen 1/2" rustfritt røyr, 12m langt og 0,5mm veggtjukkelse. Det er ikkje heilt rett fram å lage coil av slikt, men burde late seg gjere med koparrøyr.
Beholdaren er eit 6" rustfritt eksosrøyr som har 6" triclamp ferrule i kvar ende. Mine er lodda på men vil anbefale å få dei Tig-sveisa. 6" TC blindlokk i kvar ende med hol til varmeelement i botnen og ein PT-100 givar for sikre mot koking og ein flotør for å sikre mot tørrkoking.
I toppen er det montert tilkoblingar for inn og ut av coilen samt kjølevatn inn og ut, som og fungerar for å fylle og tømme beholdaren.

Om dette er den mest rasjonelle måten å bygge Herms på kan sikkert diskuterast, men den fungerar veldig bra og ser ganske tøff ut ;)
 
Tilbake
Topp