protto's b(r)yggeri

Tidlegare brygga eg med to 25l (27l) kjelar med innebyggd varmeelement på 2kw, der den eine kjelen fugerte som mesketank, den andre som HLT. Så tappa eg vørteren i eit gjæringspann for mellomlagring mens eg vaska meskekjelen, og så kokte eg vørteren i dei to kjelane.

Eg hadde lyst å auke volumet litt, og samtidig bruke kjøleboks til mesking for bedre temperaturstabilitet. Så hadde eg veldig lyst å begynne med fat.
Over lengre tid har eg satt samman eit bryggeri for a 40liter, eller to Corneliusfat.

-Gjæringskar er 60l "Labbdunk" fra felleskjøpet med kran fra Petit/Vin&Bar.

-HLT(eller varmtvannstank på norsk) er 10gallon (40l) Igloo beverage cooler. Denne har eg montert eit 2kw varmeelement i og termostat type "Jumotron" som eg hadde "på lager" frå før.

-Mesketank er samme type som HLT men med falsk bunn kjøpt til føremålet.

-Gryta er kjøpt på eBay og er rustfri med laminert induksjonskompatibel bunn. Denne har eg montert kran og hop-strainer i. Gryta er på 80quart, altså ca 75l og er perfekt for eit brygg på 40-50l uten fare for overkoing.

-Kokeplata er laga av tre induksjonsplater fra Biltema, kvar av dei er på 2kw og eg har kobla dei i  trefase slik at dei kan koblast til ein vanleg trefase 16A kurs.

-Kjølaren er fire spiralar av 10mm røyr som er lodda saman i ein manifold i kvar ende. Kvar spiral er ca 4,5m lang.
 

Vedlegg

  • IMG_1409.JPG
    IMG_1409.JPG
    50,1 KB · Sett: 5.059
  • IMG_1486.JPG
    113,4 KB · Sett: 4.809
  • IMG_1488.JPG
    IMG_1488.JPG
    108,5 KB · Sett: 5.054
  • IMG_1493.JPG
    IMG_1493.JPG
    110,4 KB · Sett: 5.075
Brygga ein slags pale ale i dag.
Litt innkøyring med mykje nytt utstyr men trur det gjekk bra. Sidan eg driver litt med spontanbrygging vart det tørrgjær US-05. Ellers var det pale ale, munchener, kveite, krystall og cascade og amarillo humle.
1050 Og, og ca 45l i gjærdunken. :namnam:
 

Vedlegg

  • IMG_1492.JPG
    101,8 KB · Sett: 4.787
  • IMG_1494.JPG
    IMG_1494.JPG
    97,5 KB · Sett: 4.795
  • IMG_1495.JPG
    90,8 KB · Sett: 4.742
Veldig snasent, pro2! Gir deg ein lyd når tinga etterkvart kjem i hus her, så håpar eg du kan gje litt praktiske råd til ein akademikar... Eg styrer i retning av gassfyrt oppsett slik eg har no (får ikkje lov å koke inne, og eg kan meir om gass enn om EL..) men det ser jo vitterligen veldig lurt ut med induksjonsgreiene dine. Kuleventilane dine kickar ass...
 
kjartan j skrev:
Veldig snasent, pro2! Gir deg ein lyd når tinga etterkvart kjem i hus her, så håpar eg du kan gje litt praktiske råd til ein akademikar... Eg styrer i retning av gassfyrt oppsett slik eg har no (får ikkje lov å koke inne, og eg kan meir om gass enn om EL..) men det ser jo vitterligen veldig lurt ut med induksjonsgreiene dine. Kuleventilane dine kickar ass...

U bet, gi meg ein lyd. Er i by'n rett som det er òg.

Veldig fine ventilar ja:
 

Vedlegg

  • IMG_1491.JPG
    IMG_1491.JPG
    91,7 KB · Sett: 4.776
Herlig ventilbilde!!
Har ellers spekulert meg fram til at varmtvannstanken eg har ståande ikkje er heilt ideell til kokekjele. Den er rund i enden og ut frå det eg har rekna på volumet, er volumet her minst 7 liter. Dvs. at ventilen må plasserast eit godt stykke nede på avrundingen for å unngå at det skal ligge igjen mange liter med vørter - og det blir ikkje heilt bra med ein gassflamme under det. Lurer på å lage vannvarmar av den ved å skjere av toppen til lók og sette inn nytt og effektivt element. Så kan eg varme vatnet elektrisk (kanskje til og med termostat-styrt??) mens eg kokar med gass.
 
kjartan j skrev:
[...]Dvs. at ventilen må plasserast eit godt stykke nede på avrundingen for å unngå at det skal ligge igjen mange liter med vørter - og det blir ikkje heilt bra med ein gassflamme under det.[...]

Hva om du kobler et stigrør fra innsiden av kranen og ned til bunnen, av feks. kobberrør? Da må du bare ha større fall i avtappingsslangen enn det er fra bunnen i kjelen og opp til kranen. Det burde lett la seg gjøre.

Ellers er det flere med som brygger med VVB og gass her på forumet, du kan jo søke litt og se. Mener jeg har sett flere som har kran i bunn med gassfyring også?? Ved gassfyring er det forresten lurt med en "kåpe" fra en litt større VVB utenpå slik at du får et isolerende luftlag og bedre utnyttelse av varmekilden din :)

Sjekk ut disse hvis du ikke allerede har:
http://norbrygg.no/forum/index.php/topic,2456.0.html
http://norbrygg.no/forum/index.php/topic,2598.0.html
 
God idè å bruke ein slags pick-up tube.

Det er iallefall høveleg å ha varmtvannstank med eige element og termostat. Då ordnar den seg sjølv og ein kan teinke på andre ting enn å varme skyllevann i gryta.

Oppdaga med skrekk og gru at cheap-ass kranen på gjærspannet mitt lakk i gårkveld etter at eg hadde satt 40l (skrøyt vist på meg 45l lenger oppe i tråden :roedme:) til gjæring. Hang ein liten dråpe under pakningen. Såg ut til at det lakk mellom pakningen og kranen, ikkje pakningen og spannet.

Men går det ikkje å fikse det med tape, har ein ikkje brukt nok. Nokre rundar med vulk-tape og så var det tett. I dag sier der berre glugg-glugg!
 

Vedlegg

  • IMG_1508.JPG
    73,2 KB · Sett: 4.625
Lekkasje fra gjæringsspann / fat er min store skrekk. Tenk å komme hjem og ha 23 l + (for min del) øl flytende ned i gulv, langs vegger, dryppende fra tak... :help:
Nei jeg tror jeg må bygge garasje med varme og sluk i gulvet... en gang
 
Det ser fint ut, Protto! Denne plastkranen tror jeg ikke du skal bekymre deg så mye om. Har også opplevd at den lakk litt, og det er bare dråper man snakker om. Hvordan opplevde du bruken av induksjonsmonsterkokeinstrumentet ditt? ;D
 
Torga er ekspert på lekkasjer fra disse. Han har inpregnert kjellergulvet med ca 20 liter halvgjæret wit pga en slik kran som ikke var tilstrekkelig fastskrudd  ;D
 
Det var det siste eg sjekka før eg desinfiserte med sterkrens. Fylte spannet med vann og det såg tett ut. Mutteren er trekt til det eg maktar utan å øydelegge noko. Tidlegare har eg brukt hevert, kanskje det sikraste..... :jaha:

Må vere surt å oppdage at heile brygget ligg utover golvet. (arbeidsbenk, verktøy, maskiner i mitt tilfelle, gjærspannet står i "furtebua", der kan eg alltid ha ønska temperatur)

Induksjonskokaren funka bra vil eg sei. Når eg hadde fått litt vørter i gryta satte eg alle 3 platene på 100º, og når siste skvetten var tappa skrudde eg på full effekt på alle 3. Tok ikkje lange tida før det kokte.
På full gnu kokar det greitt utan lokk med nærmare 50l i gryta, med glipe på lokket kokar det kraftig på full effekt, og litt rolegare med 3x 1600w.

Men teinker uansett å lage isolasjonsjakke til kjelen som kan enkelt takast av og på. Alt for å korte ned bryggetida. -Og så er det jo litt kjekt å lage ting ;)

-protto.
 
Beant skrev:
Torga er ekspert på lekkasjer fra disse. Han har inpregnert kjellergulvet med ca 20 liter halvgjæret wit pga en slik kran som ikke var tilstrekkelig fastskrudd  ;D

Man kan enda kjenne et hint av koriander og appelsin i kjelleren  :lmao:
 
har montert de kranene selv, pakningen utvendig mellom gjæringskar og kran, satt på en o-ring innvendig mellom gjæringskarret og mutteren. fyllt opp over mutteren med kokende vann og dratt til skikkelig. TETT SOM EN SIL ;D
 
protto skrev:
Det var det siste eg sjekka før eg desinfiserte med sterkrens. Fylte spannet med vann og det såg tett ut. Mutteren er trekt til det eg maktar utan å øydelegge noko. (...)

Jeg har sett tilfeller av at pakningen drar seg ut hvis jeg strammer for mye, men det er altså en annen slags kran. Gardena-kran fra V&B..
 
Bytta ut plastkranen med noko som er litt meir ordentlig. Rustfri 1/2" ventil med gjennomføring og silikonpakningar på begge sider av dunken. Desse ventilane burde vare nermast evig, og eg slepp å bekymre med for gjærspann med "dryppert".

Og så var naboen innom med eit kjøleskap han ikkje hadde bruk for. Det vart konvertert til øleskap umiddelbart etter annkomsten.
 

Vedlegg

  • IMG_1517.JPG
    IMG_1517.JPG
    110,6 KB · Sett: 2.571
  • IMG_1509.JPG
    1,4 MB · Sett: 2.489
  • IMG_1518.JPG
    IMG_1518.JPG
    98,7 KB · Sett: 2.570
  • IMG_1520.JPG
    IMG_1520.JPG
    66,9 KB · Sett: 2.566
Hva slags kraner og pakninger har du brukt, og hvor fikk du tak i disse? Det er en LABB-dunk fra Felleskjøpet, sant?
 
Martin E skrev:
Hva slags kraner og pakninger har du brukt, og hvor fikk du tak i disse? Det er en LABB-dunk fra Felleskjøpet, sant?

Gjennomføring er denne: http://MoreBeer.com/view_product/17413/102355/Stainless_Nipple_-_1_2"_x_1.5_Threaded     Det er lettare å få denne tett sidan den har eit parti på midten utan gjenger. Pakningane ligg mot den slette flata på nippelen og tettar mot den samtidig med at dei tettar mot veggene på dunken. Hadde sikkert vore nok med pakning på eine sida med denne løysningen, men eg har på begge sider.

Pakning er denne: http://www.homebrewstuff.com/servlet/the-150/flat-silicone-gasket-weldless/Detail     Altså ein på kvar side.

Utanpå kvar pakning har eg ei skive av rustfritt, feks denne: http://www.homebrewstuff.com/servlet/the-55/stainless-steel-washer-for/Detail     Her kan ein bruke M20 rustfrie skiver (22mm inv.Ø).

Utanpå skivene er det mutter (begge sider): http://www.homebrewstuff.com/servle...kettle,keggle,conversion,home,brewing/Detail     Snører desse sammen for å klemme pakningane sånn passe.


Kran er std. rustfri 1/2" kran som ein får mange plassar feks maritim.no, MoreBeer.com etc. Brukar gjengetape på nippelen utvendig for å få det tett mot krana.

Har denne løysningen på HLT, mesketank, gryte og no på gjæringspannet. Funkar overlegent bra, ingen lekasjar nokon plass og ein kan montere akkurat det ein vil av 1/2" utstyr på innsida eller utsida.


-protto.

edit: jepp, labb fra fk..
 
Laga meg ein varmevekslar for oppvarming av vørter under meskingen. RIMS eller HERMS kallast det vel. Det er ein trykkokar, kunne sikkert ha vore ei vanleg gryte, som har to hol i lokket med gjennomføringsnipplar. Ein kveil med 8mm kobarrøyr, ca 5m langt.

Har satt på eit termometer på ut-sida for kontroll av tempen. Har ca 2l vatn i kjelen og brukar ei biltema induksjonsplate under kjelen så det er manuell kontroll av temperaturen.

Brygga ein N.Ø Porter-kopi etter oppskriften i "can you brew it" pod-casten i går. I oppskriften står det 45min @65º, 15min @72º og 78º for mash-out.

Sjølv om eg trur det hadde gått fint med eit steg på feks 67º var dette ein god test for varmevekslaren.

Det var ingen problem å holde tempen stabil, for så og steppe opp til 72º og 78º. Når eg først vart komfortabel med forsinkelsen i systemet gjekk det som ein leik :skitbra:
 

Vedlegg

  • IMG_0036.JPG
    1,2 MB · Sett: 2.361
  • IMG_1607.JPG
    112 KB · Sett: 2.274
Tilbake
Topp