Pumpa er Iwaki MD 10l-220, 10lpm. Har to sånne pluss ei på 20lpm. Kjøpt på e-bay. Tekniske data seier max 80º men dei er laga av PP (eigentleg fiberarmert sådan) så eg trur det går bra med kokande vørter også.
Har brukt den til å whirlpoole med og det funka kanonbra. Ein fin ball med pellet-graps i midten av gryta etter tapping.
Du får nok eit litt meir straumlinjeforma RIMS-kammer med tradisjonelt varmeelement, men eg måtte berre mekke noke i ein fart (kvelden før) før brygging av denne Porteren. Hadde eigentleg tenkt å berre pumpe vørtern inn i trykkokaren, og la den straume ut av den andre nippelen utan varmeveksling, men trykkokaren viste seg å ikkje vere tett før det er ein viss dampproduksjon.
Eg hadde allereie laga hol i lokket så då måtte eg finne på noko anna lurt. Men bortsett frå at det er litt stort og klumpete funka det over all forventning eigentleg.
Har ikkje temperaturkontroll på RIMS'en anna enn manuell justering av kokeplata. Det er induksjon så det går rimeleg kjapt opp i temperatur med to liter vatn i kokaren (akkurat slik at spiralen er dekka).
Temperaturovervåkinga er med eit termometer ut fra varmevekslaren samt eit digitalt som er stukke ned i eit hol i lokket på mesketanken. Det viste seg at det er lurt å varme til vørteren ut fra RIMS'en holt ønska temp, og berre holde den der. Etter nokre minutt var varmen like høg og veldig jevn i heile mesken.
Har ein termostat på HLT'en samt 2kw varmeelement, stiller berre inn tempen på skyllevatnet og så ordnar det seg sjølv, om det var det du tenkte på?