Eg er godt igang med mitt fyrste brygg. Eg skal bryggja ein Kölsch som kom med bryggeriet. Eg hadde kjøpt inn flytande gjær, men den byrjar verta noko gamal. Eg vart litt skvetten då eg såg : pump interruption" på displayet, men etter noko febrilsk søking i forumet fann eg ut at alt var slik det skulle vera. Eg synest det gjekk litt treigt å fa pumpa vørteren gjennom malten, og eg var litt usikker på kverninga av malten, som sikkert vart for finkverna i lo-fi Coronaen min. Eg nytta oeschelvekt og målte gravity halvvegs i meskeprogrammet. Då kom eg til 1.025. Er dette litt lågt? Ser likevel dette på som eit læringsbrygg. Sånn sett var det greitt å nytta tørrgjær og. Til no har eg ikkje stoppa opp for å røra i maltrøret. Skulle eg ha gjort dette?
Roffe
Roffe