Ollikainen
Norbrygg-medlem
Til inspirasjon for meg sjølv og andre: kva står øvst på lista di over brygg du har lyst til å / skal brygga? [emoji846]
For å byrja med meg sjølv:
1. Ein slags hefeweizen med kun bitterhumle og nokre kvastar med hylleblom for smak og aroma. Har brukt hylleblom på slutten av koketida i ein pale ale med godt resultat og trur ein hefe og hadde kledd litt hylleblom svært godt. Dersom du lurer på hylleblom, så blømer svarthyll nå og eit par veker framover.
2. Ein «Kona big wave» inspirert golden ale. Maltsamansetning lik kloneoppskrifter rundt om, men humler vic secret og citra. Val av humler habdla mest om tilgjengelegheit av humleerstatningar for galaxy då dette blei kjøpt inn. Sist eg brygga noko liknande så varte ikkje batchen lenge [emoji846]
3. Hadde vatnet i springen vore kaldt nok så skulle det og stått pils her. Prøvde tidlegare i vår å brygga ein slags coronaklone med wlp940, denne blei eg godt nøgd med og eg har lyst til å eksperimentera meir med denne gjærtypen. gjerne prøva med berre pilsnermalt (og syremalt), kun bitterhumle, OG ca 1046, ibu ca 17 og ein solid pitch rate på gjær. Mål: ein reinast mogeleg øl [emoji846].
Dersom du syns dette ser keisamt ut så smak og behag [emoji28]. Eg set pris på å prøva forskjellige typar øl, men skal eg bryggja sjølv så held eg meg stort sett til typar eg i utgangspunktet hadde likt dersom eg hadde kjøpt dei i butikk. Gidd nettså ikkje sitja med 40-50 halvliterar av eit øl eg i utgangspunktet hadde klart å styrt utanom i butikkhyllene [emoji57]
Sent from my iPhone using Tapatalk