Syrning av Berliner Weisse - Smittefare? + noko anna

SSS

 
Eg driv og planlegg å brygge ein Berliner Weisse, og har innsett at eg må syrne vørteren i eit gjæringskar. Eg brukar eit kjøleskap med varme som gjæringsskap og ser at det kan funke, men eg lurar på om det er smittefare for seinare brygg med å sette ei bøtte med bakteriar inn der eg vanlegvis gjærar? Nokon med erfaringar? Eit alternativ er å køyre varmekablane på badet opp og kombinere det med eit varmebelte, men det spørs om resten av familien er like begeistra for eit så varmt bad.... Eg har eit varmebelte på 30w. Vil det klare å halde ca 40 grader på 20 liter i romtemperatur om mesken allereie ligg på denne temperaturen? I såfall kan jo bøtta stå kva som helst....

Og eit siste spørsmål: Tenker å syrne med Idoform Classic. Formelen i artikkelen i medlemsseksjonen seier ein kapsel pr. 2,5l vørter. Ein tenker då før kok, eller tar eg feil? Eg ser for meg at kokinga vil gjere ølet surare, men eg kan ta feil... Tenker i utgangspunktet kok i 90 min, men eg har ikkje bestemt meg.

Kanskje nokon av syrefolka har gode svar. Kan ikkje tagge folk, så eg kan berre håpe at dei les dette.
 
Ikke ekspert, men jeg hadde nok turt å bruke gjæringsskapet. Selve karet hadde jeg muligens kun brukt til surøl fremover. Til min Gose kokte jeg vørteren først, kjølte ned til førti grader, oppi med bakteriene, hold førti grader til nok surhet (1-2 dager), tok oppi litt humle, senkte tempen og så tilsatte jeg gjæren. Funket meget fint.
 
  • Like
Reaksjoner: SSS
Dunken vert kun for lactoo, ja. Har snakka med andre som meiner det er fare for smitte, så eg trur eg prøver meg å syrne ein annan plass enn der eg vanlegvis gjærar. Kjipt å øydeleggge skapet berre for dette eksperimentet.... Så får vi sjå om det vert øl eller ikkje av maltet eg har liggande....
 
Tilbake
Topp