Jau, kan godt forklare prosessen:
Det heile begynner med ein slik:
Så tegnar eg delen i 3D med hjelp av Autocad i mitt tilfelle men korleis som helst cad software vil duge.
Deretter åpnar eg fila i eit program som kutter delen opp i skiver og genererer ein g-kode som printeren forstår, i dette programmet orienterer eg og delen i forhold til printerbordet og forteller korleis delen skal printast. Det er ein heil haug med parameter som kan forandras på men dei viktigaste er temperatur på printerbordet og ekstruderen(den delen som plasten går gjennom). Det er og her det blir bestemmt kor "tett" delen skal printast, 100% er heil ved mens delen som blir printa på bildet nedanfor har eit bikubemønster innvendig og ligg vel på ca 25%. Då blir delen lettare, ein brukar mindre tid og plast men delen blir ikkje så sterk.
Plasten kjem på rullar som dette i alle tenkelige fargar
