Hei folkens, eg tenkte brygge dette (eller ein nær avart) i morgo om eg rekk få på plass ingredienser, og har basert meg på den allerede skalerte oppskriften noen innlegg over her, frå simensss.
Har sjekka lagerstatus på Vestbrygg og ser at Northern Brewer ikkje er tilgjengeleg, kan denne erstattes med Perle? I fylgje humleutbyttings-skjemaet på brew365 skal det gå greit, og eg ser dei ligg nokonlunde nær kvarandre i alphasyre, 7.4 NB vs 6.4 Perle, men det er sikkert noken som har gode argumenter for anna erstatting.
Når eg har lagt inn (det reviderte) humleskjemaet til simensss i BeerSmith2, får eg ikkje noke bidrag i IBU frå tørrhumlen, kva kjem det av? Sjå skjermdumpen om det er noke som er satt feil kanskje. Eller stemmer det, for tørrhumle ikkje bidrar med bitterhet?
Den andre skjermdumpen er etter at eg har leika meg litt. For å treffe meir på fargen har eg gått ned 0.2kg på pale malt og opp 0.2kg på munich. Eg har kompansert for litt lavere alpha i Perle mot Northern Brewer så gått opp til 9g Perle, og har økt Cascade til 16.5 som Nøkling anbefaler. I tillegg 65g Citra ved 10min. Da bikker eg akkurat over 100g, går det greit å gå ned til 35g på tørrhumla så eg kjem unna med ei pakke, eller bør eg bite i det sure eplet og investere i ei ekstra pakke Citra?
Med alle desse justeringane havner eg sikkert litt unna originalen på smak, sjølv om det er gjort for å få det nærmare på papiret iallefall
Og til slutt eit litt generelt spørsmål, eg ser alpha for humler avviker eindel mellom BS2 og det som er oppgitt hos Vestbrygg, plar de oppdatere IBU'en til humla for å få eit meir korrekt utrekna resultat? F.eks Citra er oppgitt til 12% i BS2, og 13.5% hos Vestbrygg. Eg har korrigert verdiane alpha og EBC-verdiane i programmet no til det Vestbrygg oppgir.