Eg har blitt inspirert av Brew Dogs Fake Lager, som skal vere ein klassisk tsjekkisk pils. Kva er oppskrifta? Eg har sett eindel oppskrifter med munich malt og pils, samt litt melanoidin for å sleppe dekoksjon. MEN! Då eg smakte på fake lager kunne eg kjenne noko meir enn berre Saaz humle, var...
Eg har med hell laga pils på 12 grader, brukar 2 pk hydrert saflager w34 på 20 liter. Tappa på flaske etter 10 - 14 dagar, så sett flaskene i kjøleskap. Ikkje sikker på om dette er heilt riktig metode men funker fint for meg. Kan anbefale Dana humle til pils.
Eg går svanger med ei altbieroppskrift som eg vil gjære med Safale 05. Spørsmålet er om det er nødvendig å koke pilsmalten i 90 minutt eller kan ein klare seg med 60? Eg registrerar på foruma rundt om at dette med DMS smak (kokt kål/mais) er omstridt. Er det noko fasit her?
Eg noterer meg at øla til feks Haand og Nøgne held seg i 2 år, og dei står i romtemperatur på butikken. Er det nokre triks ein kan bruke for at heimebrygget held seg like lenge?
Då har eg brukt melkesyre og problemet er løyst! Bittelitt melkesyre ph ned mykje, men det har ikkje ført til usmak på noko vis. Brukte også litt gypsum i same slengen, og innbiller meg at det har heva humlesmaken mange hakk. Eg har også slutta å bruke vatnet frå vassverket, og istaden henta...
Eg heiv ei flaske Orval på ein red ale i mai, stod på 5 litersdunk sidan mai, smakte heilt fantastisk. Problemet
Var berre at all kolsyra forsvann då eg letta på loket, så har 2-3 liter med flatt surøl, men
Det tar seg vel opp igjen :)
Eg satte ein citra/Cascade IPA på fredag, med to pk rehydrert Safale 04 (og 1050). I dag viser hydrometeret 1010 (kanskje 1009). Smakte på det no og trass ein del grums (mest frå tørrhumla), er den god som gull på smak. Er det nokon gode grunnar til at den skal stå lenger? Hadde vore stas å få...
Eg vil gjerne dele erfaringane med mitt første surøl. Det byrja i mai med at eg fylte ei femliters plastkanne med ein amber ale eg hadde laga og slo på ei flaske Orval. Testa i går. Heilt fantastisk, surt og godt, nesten lambic. Plastdunken holdt godt på kolsyra, betre enn litersflaskene med...
Det var mykje som gjekk skeis i går, so eg lurer på om ekspertisen på forumet her kan hjelpe :)
1. Under meskinga (biab) viste temperaturen eit minutt 93 grader. Men straks eg tok ut posen, var tempen nede på 64. Kan dette berre ha vore ei feilmelding på checktempen?
2. Testa ut krabbekokaren...
Ser ut som eg får smørje meg med tålmod, eg bur like ved Bryggselv, dei brukar å fylle opp lageret kjapt.
PS.
Er nysgjerrig på Rug crystal, korleis smakar det som krydder i maltmiksen?
Det ser ut som om bryggesjappene er tomme for Special B før jul. Men Bryggselv har noko dei kallar red crystal (400 EBC), kan det funke som erstatning?
Humlefarmar Bosnar i Slovenia seier at humlepellets held seg i 5 år, då vakuumpakka i kjøleskap. Noko alfasyretap må ein pårekne. Blomst er visst betrakteleg mindre haldbart.
Dette er verdifull informasjon, takk so mykje! One last thing: Kanskje eg framstår som ein litt lat brygger her, men kunne eg jukse med å tilsette 5,2 stabilizer i mesken :) ?
Takkar og bukker, det skal eg gjere!
Har tilgang på pH meter, så det skal brukast.
ps..
Kva viss eg hive vatn rett opp i gryta, altså fylle opp gryta med posen i, før eg tek ut posen. Kan det vere eit alternativ, eller må ein uansett justere skyllevatnet?
eg har god kontroll på temp med...
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler (cookies) for å tilpasse innholdet, skreddersy din opplevelse og holde deg innlogget dersom du registrerer deg.
Ved å fortsette og bruke dette nettstedet, samtykker du i bruken av informasjonskapsler.