Bryging fredag 13

Det var mykje som gjekk skeis i går, so eg lurer på om ekspertisen på forumet her kan hjelpe :)
1. Under meskinga (biab) viste temperaturen eit minutt 93 grader. Men straks eg tok ut posen, var tempen nede på 64. Kan dette berre ha vore ei feilmelding på checktempen?
2. Testa ut krabbekokaren for første gong. Kokte opp med lokket på. Åpna so såg vørteren alt for mørk ut. Kan ikkje sjå at det  har svidd seg i botnen, men kan smake litt brent? Vil dette bli eit stort problem?
 
Har sjølv latt meg lure av termometer under mesking. No varmar eg heller vatnet opp til 68 grader, hiver malten nedi, slår av kokeplate og let det stå i 90 min innpakka i eit ullpledd. Har også ein vifteomn ståande på fullt i bryggerommet, som sikkert når 40-45 grader. Rørar 3-4 gongar. Normalt 66 grader i vørteren etter 90 min.

Vørteren vert normalt mørkare enn ein skulle tru under koking. Dette grunna omdanning til melanoidinar og nedkoking av vørteren.
 
Tilbake
Topp