FrodeSy
Norbrygg-medlem
I november i fjor brygga eg ovanfornemnde øl etter slike data:
60 % pils, 12 % münchen, 4 % belgisk caragold 120 ebc, 4 % special b, 4 % belgisk aroma malt 50 ebc, 2 % kveite, 2 % melanoidin 40 ebc, 5 % spraymalt og 6 % farin som vart tilsett 2 dagar ut i gjæringsforløpet.
67,4 – 67 graders mesk i 60 minutt i igloo kjølebag. 70 % effektivitet. Justering av mesk- og kokevatn etter ”Gahrs tabell” i medlemsseksjonen. OG: 1.099. FG: 1.012. 11,4 % alkohol. 28 IBU.
Gjær WhiteLabs 530 Abbey ale. 20 grader i 5 dagar, frå 6. dag lot stige frå 21 og opp til 23 grader i løpet av 6 dagar, deretter 10 dagar før flasking. Målte ikkje SG undervegs i gjæringa. Gjærstarter etter MrMaltydåttkåmm. Belufting av vørter i 1 minutt med "oksygensettet" frå Bryggeland http://bryggeland.no/oksygen-sett-regulator-flaske-og-sten.html
Ølet har etter kvart blitt veldig bra, men er diverre belemra med ein tydeleg alkoholsmak. Same er Barley Winen min frå oktober og imperial stout frå april i fjor. På sistnemnde så er det berre behageleg til stades, slik det bør vere i imperial stouts. Det er muleg eg ikkje kjem unna alkoholsmak i eit såpass alkoholsterkt øl, men eg ønskjer å redusere det mest muleg. Eg skal i løpet av ei veke eller to brygge ny belgisk mørk sterk / quadruppel, og ønskjer tips om kva faktorar eg då bør ha fokus på for kanskje redusere alkoholsmaken.